onsdag, november 30, 2005





Juletre, julenisser, fantabrus og kvitost

1.søndag i advent var det julemesse i sjømannskyrkja i Bangkok. Me tre jentene reiste avgarde (Arne kvilte febersjuk heime), og programmet var tett: Fyrst gudsteneste, så opning av ny leikeplass i hagen, før julemessa var høgtideleg snorklippa i gong av den svenske ambassadøren. Så mykje fin handlaga julepynt, og så masse kjent og kjær julemat (dog kanskje mest for svenskane...) Julestemninga oste rundt oss, trass i 35 varmegrader og myggbitt. Signe fekk kjøpa fantabrus på boks og var kjempefornøgd, eg åt smørbrød med skikkeleg kvitost og Jenny tok fatt i alt ho kunne kome over. Det var ganske mykje...
Då me stabla oss inn i bilen att hadde me fått med oss 3 små juletre, ein heil familie julebukkar (pappa-bukk, mamma-bukk, signe-bukk og jenny-bukk) og ein pose svensk klissesnop. Julenissane fekk ikkje vera med... Det er definitivt snart jul!

torsdag, november 24, 2005



Signe skulejente

Her er Signe fyrste skuledag, på veg til Nursery på St. Andrews. Kjempekry! Skuledagen er frå 8 - 12 kvar dag, køyrer skulebuss til og frå, det er stas. Ho får allereie masse ros av læraren som seier at "Signe is an independent girl", og det veit jo me foreldre alt om...Engelsk er visst ikkje så vanskeleg heller, no går det i "please", "good morning" og mamma er no "mummy" (for det seier Sophie i klassen til si mamma). Så, det er berre å innsjå; Signe har vorte stor jente, eller lita dame som ho seier sjølv...

tirsdag, november 22, 2005



Santikham Villa

Ein liten presentasjon av heimen vår. Me bur i #8 i Santikham Villa som ligg rett utanfor bygrensa, søraust for Bangkok. Det er eit bittelite bustadområde med berre 10 hus, lite fellesområde og svømmebasseng. Meelong (mor long) og Phoodam (far dam) passar på i porten og ordnar elles det meste på området. Huset vår ligg i enden av husrekka og her har me ein liten hageflekk og uteplass med tak, når sola vert for sterk. Signe og Jenny har fått seg dissestativ, som er til stor glede for dei og nabo-ungar som stikk innom. I nabolaget har me m.a. gode NMS-naboar og elles ein god blanding av thaiar og andre "fahrangar" (utlendingar). Svømmebassenget vert ikkje så flittig brukt no, når det går mot vinter, men er fantastisk både for store og små på varme dagar.

Me nyt dagane her og kjenner oss heldige som får bu så landleg i ein storby som Bangkok!