lørdag, januar 28, 2006


Året som gjekk...

Det er slutten av januar, og tid for årsrapport. Det er no tid for evaluering, ettertanke, sjølvransaking etc etc… Siste frist for innlevering var i går. Her sit eg og skal rapportere om fjorårets bragder… Febersjuke Arne og Jenny er vel i seng, det same er ei trøytt Signe (heldigvis feberfri no), eg er eigentleg klar for kveld sjølv, men no kan dette ikkje utsetjast lenger.

Kl 19.50: Personalia har gått greit, målsettingane for 2005 likeså, dei finn eg jo på rapporten frå 2004. Men så; ”beskriv arbeidsoppgaver”… Det vart ikkje mange linjene. Hmm, eg som tykkjer eg har fått gjort litt dette året. Det vert liksom ingenting når det kjem ned på papiret som punktstreker.

Vidare: ”I hvor stor grad mener du målsetningene er nådd?” Dette er vanskeleg! Går det an å måla det? Eg tek meg i å ete vannmelon som om det gjaldt livet… Dette kjem til å ta tid…

Kl. 20.45: Er no kome til pkt 5: ”Målsetninger for neste arbeidsår.” Ja, det er spanande! Kva mål frå programplanen vert sentrale for mitt arbeid? No vert dette kjekt! Programplanen for Organisasjon og Ledelse er interessant lesning. Eg plukkar ut eit par punkt, dette er jo midt i blinken! Entusiasmen brer seg… Godt er det, for no er det berre vannmelon-steinar att på fatet…

Kl 21.08: Jenny vaknar. Ho er varm, feber stig til natta, og no vil ho ha kos… 5 min så listar eg meg ned att.

Kl. 21.39: FERDIG! Rapporten er maila til sjefen, og det er tid for sjokolade. Eg kan no med friskt mot sjå framover mot eit heilt nytt arbeidsår, med blanke ark og fargestiftar til… Og neste år skal rapporten leverast innan fristen. Lovar!

tirsdag, januar 24, 2006

Bursdag i dag....

Kjære Irene!
Gratulerer med dagen!

Thailand-misjonærane

Her i Thailand samlast NMS-misjonærane kvar 14.dag til sosial hyggje, jobb-info og bibel- og bønefellesskap. Sist onsdag var det ekstra stas sidan misjonærane i Nord-aust, "Phibun-folket", var i Bangkok. Me var samla 13 stk (mangla berre Marit/Satad og Tore/Mildred) i stova til fam Vidnes. Me fekk, som vanleg, nyta godt av at Cathrine er god til å laga mat, og til kaffi'en var det norsk sjokolade... Dette var fyrste samlinga etter jul, så det var mykje å dela med kvarandre og mange bøneemne å ta med seg vidare. Det er godt å vera ein del av misjonærfellesskapet i Thailand!

onsdag, januar 18, 2006


Åndehus

Thai-buddhismen er ein blanding av ulike buddhistiske retningar og åndetru. Trua på at åndene står sterkt i thai-kulturen, og gjev seg utslag i mange, for oss, eksotiske og uforståelege ritualer. Eit av dei mest framtredande symbol på åndenes plass i dagleglivet er åndehusa. Nesten alle hus/bygningar, særleg i Bangkok, har eit åndehus. Ein kan sjå dei utanfor kjøpesenter, hotell, bankar osb. Åndehuset er, som namnet seier, eit hus for åndene på staden. Utan eit slikt lite hus i nærleiken kan ein risikera at åndene flyttar inn i eins eige hus, noko som kan forårsaka all mogleg uro og problem. Ein byggjer då altså eit lite, men fint, hus i nærleiken som skal frista meir enn hovudhuset. For å sikra at åndene held seg her, og er blide og fornøgde, er thaiane dagleg borte med mat, drikke, blomar, lys etc.

Her i Santikham har me òg eit åndehus. Vårt står plassert rett utanfor hagen vår. Men, med fleire utlendingar på området samt kristne thaiar, er det dårleg med stell for åndene her. Blomane er stort sett visne, og mat er det sjeldan å sjå servert... Men, alle oss andre har det svært så bra i Santikham! Og det trur eg er utan nokon som helst hjelp frå åndene...

onsdag, januar 11, 2006

HEIA TUFTE!

Her i heimen har me meldt oss inn i heiagjengen til Tufte. Fekk DVD til jul. I helga gjekk siste episode, med kampen mot Vålerenga. Familien Vidnes var på plass i stova. Og snopeskålene var fylt opp. Til norsk film må ein ha norsk sjokolade! Me heia og heia, og hadde så gjerne ønska at dei hadde vunne, eller iallefall fått fleire mål... Men, me vart nesten nummen av glede saman med Martin over fyrste målet, og har latt oss sjarmere og imponere over fotballteknikken. Her prøver Signe på ei Martin-heading (med lånt hår)

I kveld er det 3. gongs reprise på episode 4. Det er tid for ny runde med nye naboar, denne gong Merete og Knut (Hallen). Me scorer for tida høgt på popularitetsskalaen når det gjeld TV-underhaldning...

Odd Olav og Laila reiste heim til Forsand i natt.
Takk til begge to for besøket og ei knallbra julegåve! Heia Tufte!!!


fredag, januar 06, 2006


Vesle Jenny

Her kan de sjå ei blid lita jente med ny hofteputa!
Me har omsider funne ein thai-lege som er god på hofteleddsdysplasi, og han har fått laga denne oransje bie-puta. Med god mailkontakt til legane på Haukeland i tillegg kjenner me oss trygge på at ho får rett behandling. Om ca 3 månadar (når onkel Tond, tante Torhild, Kristin og Elin er her) skal ei betring vera synleg og det er von om at Jenny kan slå seg laus på golvet med kryping og rulling. Me gler oss! Men, altså, Jenny er stort sett blid og fornøgd, og då må me foreldre vera det same... Takk til alle for støtte dei siste månadane, det har varma godt!

onsdag, januar 04, 2006





Gåva frå Noy

Dei av dykk som har vitja oss her i Bangkok kjenner Noy. Ho er vår "husadministrator", praktikant og kokk. Noy har jobba hjå norske NMS-familiar i tilsaman snart 10 år, fyrst hjå familien Stangeland, så familien Sandland, og ho byrja hjå oss med dei beste skussmål. Det var litt uvant i starten med hushjelp som tusla rundt i huset. Men, no er me godt tilvende... Kjenner kor godt det er å sleppe tenke golvvask, oppvask og stryking av klede når ein kjem heim etter jobb. Viktigast for oss er likevel at Signe og Jenny har ein vaksenperson dei har det godt med, og at ho er ein som me trygt kan overlata borna våre til. Noy er ikkje kristen, men etter så mange år år hjå norske familiar veit ho kor viktig jula er for oss. Ho gler seg i lag med oss, og deler gjerne entusiasmen vår over julepynten, lysa og julematen. På bilete over ser de julegåva me fekk av henne denne jula. Ganske sterkt å få eit eit så tydeleg kristent symbol frå ein buddhist. Familien hennar vil gjerne ha henne heim att til Nord-aust Thailand, men eit liv på landsbygda fristar ikkje for Noy, så me vonar å ha henne her enno i nokre år...