torsdag, juni 29, 2006


Hatleskog’ar i Thailand

Dei siste to vekene har me hatt storfint besøk av fleire representantar frå Hatleskog-slekta. Fyrst kom storebror Jan Kåre og lillebror Stein Gunnar. Rett etter gjorde onkel Alf sitt inntog saman med Tobias, Anita og Elias. Me hadde 5 fine dagar saman i Bangkok før me alle reiste sørover for ein helgetur til Hua Hin.

Herleg å kjenna sjøbrisen, og få litt sand mellom tærne (og fingrane...)

Signe og Jenny har kost seg både med onklane og med nye leikekameratar, Tobias og Elias. Me litt større kjenner kor godt der er å, enno ein gong, får litt av heimlandet ned hit til vår kvardag i Thailand.

mandag, juni 26, 2006


Ole Brumm og venene hans i Bangkok

Mamma og pappa har lova Signe aa skriva paa PC'en om naar ho saag Ole Brumm. Denne gule bjoernen er ein av Signe sine store heltar, og heime er det ikkje langt mellom brumm-effektane, det vere filmar, bamsar, pennar, klede etc. etc.

Pooh, som han heiter paa thai (og engelsk!) var altsaa paa vitjing i Bangkok sist veke. Henrik (2 aar) og pappa'n Espen ordna billettar og tok med Signe og pappa Arne paa storslagent Disney-show. Signe hadde med sine yndlingskjeks (fraa Noreg) i sekken, i tilfelle Ole Brumm ville smaka, og ho sjoelv vart svolten... Dei forsvann iallefall, om ikkje i magen til Brumm. Han var oppteken med bursdagsselskap paa scenen.

Det var ei stornoegd jente som kom heim att, dette var ei oppleving aa leva lenge paa...

tirsdag, juni 20, 2006


Endeleg kom onklane til Bangkok (det gjorde regnet òg...)!

Onkel Jan Kåre og onkel Stein Gunnar kom til oss sundag, etter ein lang flytur, med masse norsk mat i kofferten.

Då me køyrde frå flyplassen kom dei fyrste dråpane, sidan vart det skikkeleg styrtregn med lyn og torden som skralla mellom husa. Me lurte litt på om onklane hadde tatt med seg regnet frå vestlandet? Nei, det er nok berre eit teikn på at regntida har gjort sitt inntog. For risbøndene i nord-aust var regnet no svært kjærkome.



Signe storkosa seg, heiv av seg kleda (dei kunne jo verta våte...) og hylte av fryd medan ho sprang i gata som snart vart eit lite basseng.

Så konklusjonen frå Bangkok er: Me koser oss med besøk frå Noreg og vått, kjølande regn!

søndag, juni 18, 2006


Feiring i gult

Her i Thailand har det vore storfeiring i veka som gjekk. Kong Bhumibol Adulyadey av Thailand vart regjerande konge Rama IX 9.juni 1946, berre 18 år gamal. Han feirer altså 60 år som monark i år. Sidan kongen er fødd på en måndag, og det er dagen for den gule fargen, vart gult kongefargen. (Arne er forresten fødd på ein tysdag, som er rosa, så no veit de kva som er fargen når han skal feirast...)

Kongen av Thailand ikkje "som ein av oss", han har tilnærma gudestatus her i landet, og kritikk eller fornæming av kongen eller kongehuset vert straffa med fengsel.

Kong Bhumibol er høgt elska av thaiane, og han har i desse 60 åra gjort mykje for folket sitt. Han er eigentleg utdanna ingeniør, og har utforma mange jordbruksprosjekt til hjelp for dei fattige, i tillegg til sosiale ordningar som utdeling av medisiner, mat, skulebøker etc.

Me har vorte svært så royalistiske, og gått i gule t-skjorter mest heile sist helg. Signe hadde både t-skjorte og shorts i gult då ho gjekk på skulen fredagen. På bilete saman med skulebussjåfør og assistent (+ lillesøster). Ho kom heim att med gult kort med bilete av kongen, og forkynte for alle at "I love the King! Det varma eit republikansk morshjarta...

onsdag, juni 14, 2006


Koffår? Koffår det?

Alt som skjer må ha ein grunn. Det meiner iallefall Signe. "Koffår?" og "Koffår det" høyrer me ganske ofte for tida.

"Koffår lage Gud det sånn at me ikkje kan drikka pupp når me e 3 år?"

"Koffår hette hu Marte?"

"Koffår må du jobba?" "Koffår må eg på skulen?"

Og no sist: "Koffår lage Gud sånn at neglene vokse...?"

Livet er eit mysterium.

lørdag, juni 10, 2006


Vår lille prinsesse 1 år

Du - en strålende juvel, en
sol, en skatt - tryllet frem av
en allmektig skaper.

Gratulerer med dagen, Jenny!


torsdag, juni 08, 2006


Heime er der hjarta er...

- Og hjarta mitt er så absolutt i Thailand. Det var veldig godt å kome heim att til Arne og Signe, etter ein fine dagar i Noreg med familie og vener. Då me reiste frå Osterøy skein vårsola nydeleg over fjorden, og løvetannen lyste i vegkanten. I Bangkok regna det...

Det gjorde i grunnen ingenting, me reisande var surrete etter ein lang flytur, Signe vart travel pakka opp alle pakkane frå Noreg og Arne fekk jobb med å finna plass i frysaren til all sjokoladen.

I går var det attende til "normalen". Iallefall nesten. Eg vart vekka kl 12, "skal ikkje du på møte?". Det skulle eg. Det var møte i LMT (Lutheran Mission in Thailand), og eg skulle t.o.m. vera referent. Med jetlag og det heile.

Vel heime att var det ein liten snartur innom bassenget, Signe hadde lært å symja, før me gjekk rett i bursdag til Sigve (Vidnes) og kjempegod sjokoladekaka.

På kvelden vaksensamling hjå fam Johannessen,her representert med våre to gode, og veldig gravide, kollegar, Anne og Maria.

Det vart nærare midnatt før dagen var omme. Då var Jenny i superslag. Ho hadde sove til kl 14, og var på sitt mest sjarmerande når me andre berre ville sova... Ikkje lett å snu døgnet sånn på 1-2-3.

I helga vert det fest! Meir om det i ein anna blogg.

Ha ein fin dag alle saman!

Anne Brit

lørdag, juni 03, 2006


Sommar og sol i Noreg

Ha, ha, det er er det iallefall ikkje... Sjå, så mykje klede eg må ha på meg når eg vil ut ein tur her på Osterøy!! Er litt løye òg med strømpebuksa og teppe i vogna, men lue... Det er noko stort tull!!

Eg har vore i Noreg i 9 dagar no, og snart skal eg og mamma heim att til Signe og pappa. Det gler me oss til! Doktoren sa at hoftenene mine ikkje er noko bra, men at me kunne venta å sjå til neste år. Eg kunne bare byrja gå, sa han. Så, no øver eg som best eg kan! Bestemor sa at eg gjekk eit steg til henne i sist veke, men det har eg gløymt no.

Desse dagane eg har vore her har eg sove hjå Bestemor og Bestefar 4 netter, tante Britt og onkel Egil 1 natt, Annette og Lars Petter 1 natt, Heidi og Kristian 1 natt og Besto og Besten 3 netter. Og så har eg besøkt alle onklane og tantene mine, sete på fanget til oldefarmor og oldemorfar, leika med 3-menningar, vore på open barnehage i Åsane kyrkje og festa i Janne sin konfirmasjon. Er litt forvirra, men eg tviheld på mamma, og passer på at ho alltid er i nærleiken.

I morgon skal me til Lukas, han skal døypa seg, og eg skal ha bunad på. Så, på måndag må eg på flyet til Bangkok. Trur det vert bra. Men, det er litt kjekt når det er kaldt òg. Mamma seier eg luktar så godt fordi det er så frisk luft her i Noreg.

Til de i Thailand: Vær klare, no kjem eg snart heim!