onsdag, februar 25, 2009

Vinterferie

Sist veke var det "midterm break" på skulane til jentene, og i god norsk tradisjon kallar me denne friveka i februar for - vinterferie! Og i vinterferien skal ein jo leike i snøen, sjølv om ein bur i Bangkok med 30+ grader. Like utanfor Bangkok ligg parken med det velklingande namnet "Dream World". Sånne parkar står normalt ikkje øverst på lista vår ein fridag, men no hadde me lova Signe lenge at ho skulle få ein tur dit. For i Dream World har dei nemleg "Snow Town". Signe og Jenny skulle leike i snøen for fyrste gong i sitt liv! Diverse vintereffekter (vottar, skjerf, lue) var innkjøpt - sjølvsagt rosa - og spenninga var stor i bilen på veg utover.

Vel inne på omkledningsrommet, før "frysedørene" vart opna, nekta Jenny å ta på genser og lue, det er så vaaaaarmt.... Mamma prøvde å vera tålmodig, men korleis forklara ein 3-åring kor kaldt eigentleg 4 grader er, når me her i juletider frøys med rundt 22?
Vel inne kom både genser og vottar raskt på, og Signe forsvann innover mellom pingvinar, mammutar og julenissen. Dette var gøy! Etter ganske nøyaktig 5 minutt sklei Jenny i snøen, vart blaut på votten, kald i fjeset og ville ut! Fort!

Så, vårt norske vinteralibi vart Signe som storkoste seg i snøbakken, og var rød og kald i kinna når ho kom ut. Akkurat slik det skal vera i ein vinterferie!

søndag, februar 15, 2009

Når det vert endringar i vèret...

Ikkje før me har lova betre tider med oppdatering på bloggen, vert det stille i vekesvis...

Grunnen er ganske enkel den at fleire i familien, og då særleg mamma'n, har vore ganske så forkjøla og skrantane helse... Me har hosta om kapp, natt og dag, og når kroppstemperaturen i tillegg stig opp mot 40-talet har ikkje humøret vore på topp verken hjå store eller små.

"Endringar i vèret", seier thaiane, "alle er sjuke no". Ehh... Me ser jo at det er mange med hoste og snørr for tida, men har vèret endra seg??? Ikkje vore ein regnsdråpe på månadar, sol er det kvar dag og varmt likeså... Uansett, det er slik det skal vera no for tida, altså. Imunforsvaret vårt er altså heilt rett innstilt til lokale forhold!

På bilete ser de bloggredaktøren i gang med hostesaft. Legen sende med ein heil pose med medisiner, alt smakar like dårleg. Hostesaft med lakrissmak er berre eit vagt barndomsminne...