onsdag, august 18, 2010

Ein høgtideleg dag

Vegg-i-vegg med hovudkontoret til den lutherske kyrkja ligg Luther Seminary Thailand (LST). Her kan unge kristne frå heile landet ta ein bachelor-grad i teologi eller ta den enklare og kortare bibelskule -varianten. I år er det 12 fulltidsstudentar ved LST, og for mange av dei er dette deira fyrste møte med storbyen Bangkok.

I slutten av juli var det vitnemåloverrekking og feiring på LST. 4 studentar hadde bestått bacholor, og 9 unge hadde fullført 1-årig bibelskule. Thaiar er glade i seremoniar og høgtid, så dette var ein stor dag, med mykje alvor (og store smil).

Sjølv har eg undervist i engelsk dei siste 3 semestra, og eg kjende at eg var så stolt over "mine" studentar som, litt smånervøse, mottok vitnemål frå rektor. Arne var henta inn som fotograf, og fotoseansen ville ingen ende ta; 360 bilete på 3 timar, slett ikkje verst!
Etter fullført bacholor må ein har ha 5 års praksis frå kyrkjelydsarbeid før ein kan ordinerast til presteteneste. ELCT har stor mangel på prestar og leiarar, og vonaleg kan kyrkja om få år ha nye festgudstenester med ordinasjon av prestar.