Ja, me er ikkje verre på det enn at me vil ha julebord i Thailand òg. Sist helg var misjonærdamene samla i nord-isaan for eit døgn på hotell, med manne-og barnefri, shopping og diger buffet.
Ååå, det var gode 24 timar. Her ser de oss samla, pynta til fest!
Takk for laget, jenter!
onsdag, november 30, 2011
fredag, november 18, 2011
Lutheran Mission in Thailand
Lutheran Mission in Thailand (LMT), det er oss, det. NMS og 5 andre misjonspartnerar/kyrkjer frå Europa, Asia og Australia arbeider saman i Thailand. Me har ikkje berre eksotiske thai kollegar, men får også til tider oppleve kultur-utfordringar i samarbeidet med Singapore eller Finland m.a. Og det er såååå utruleg kjekt!!!!!
"Før i tida" hadde LMT årlege samlingar med misjonsarbeid og fellesskap i fokus. Stram økonomi (kanskje særleg frå NMS) har gjort at det no var 3 år sidan siste helgesamling. Fredag ettermiddag satte Bangkok-folket seg på flyet til Ubon - klare for LMT retreat i Isaan.
2 dagar, 22 misjonærar, 3 voluntørar, 2 assistentar, 1 biskop, 1 sekretær, 16 barn, 1 møterom, 1 nasjonalpark, 1 badeland, 1 kjempesvær buss, 1 liten båt m/2 guttar på krokodillejakt, og masse mat vert til 48 gode timar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)