Livet vårt i Bangkok

onsdag, november 30, 2011

Misjonærdamens julebord

Ja, me er ikkje verre på det enn at me vil ha julebord i Thailand òg. Sist helg var misjonærdamene samla i nord-isaan for eit døgn på hotell, med manne-og barnefri, shopping og diger buffet.

Ååå, det var gode 24 timar. Her ser de oss samla, pynta til fest!

Takk for laget, jenter!
Anne Brit og Arne kl. 5:54 p.m. 2 kommentarer:

fredag, november 18, 2011

Lutheran Mission in Thailand


Lutheran Mission in Thailand (LMT), det er oss, det. NMS og 5 andre misjonspartnerar/kyrkjer frå Europa, Asia og Australia arbeider saman i Thailand. Me har ikkje berre eksotiske thai kollegar, men får også til tider oppleve kultur-utfordringar i samarbeidet med Singapore eller Finland m.a. Og det er såååå utruleg kjekt!!!!!

"Før i tida" hadde LMT årlege samlingar med misjonsarbeid og fel
lesskap i fokus. Stram økonomi (kanskje særleg frå NMS) har gjort at det no var 3 år sidan siste helgesamling. Fredag ettermiddag satte Bangkok-folket seg på flyet til Ubon - klare for LMT retreat i Isaan.

2 dagar, 22 misjonærar, 3 voluntørar, 2 assistentar, 1 biskop, 1 sekretær, 16 barn, 1 møterom, 1 nasjonalpark, 1 badeland, 1 kjempesvær buss, 1 liten båt m/2 guttar på krokodillejakt, og masse mat vert til 48 gode timar.





Anne Brit og Arne kl. 9:06 a.m. Ingen kommentarer:
‹
›
Startsiden
Vis nettversjon

Dette er oss!

Bildet mitt
Anne Brit og Arne
Anne Brit og Arne er misjonærar for Det Norske Misjonsselskap. Me er 5 i familien: Gabriel 5 år, Jenny 7 år, Signe 9 år, Anne Brit og Arne. Me bur (og trives!) i Bangkok. Signe går i Year 5 og Jenny i Year 3 på internasjonal skule. Gabriel er i reception. Alt som står i denne bloggen er ingen andre enn oss ansvarlege for.
Vis hele profilen min
Drevet av Blogger.