
PATTAYA
Pattaya er ein liten by på austkysten av Thailand med eit ganske så frynsete rykte. Grunna det heller lugubre nattelivet har ikkje byen frista som feriemål for oss. Men, då Den norske Sjømannskyrkja opna ny kyrkje i oktober, og kollegar fortalte om andre, positive sider ved Pattaya, tenkte me: "kanskje me no skulle ta oss ein tur og sjå....?". Som sagt, så gjort. Her er beviset: Me har vore på Den norske Sjømannskyrkja i Pattaya!
Feiring av Arne sin 35 års dag på hotell Cabbages&Condoms i Pattaya høyrtes bra ut. Ein blanding av Bangkok-folk, Pattaya-buarar (+tilreisande frå Noreg)
saman
med godt thaimat gjorde det heile til ein flott kveld. Arne fekk stadfesta at han no er på full fart mot dei 40...

Resten av vår 2-dagars mini-ferie var konsentrert rundt bassenget. Signe koste seg med Talette og Caja, og me vaksne
hadde det ikkje så verst me heller. Jenny skulle nok gjerne tatt seg eit bad, men hadde det heilt OK under parasollen med mamma og legoklossane. Så, kjekt i Pattaya, men neste tur går til Hua Hin!




