tirsdag, desember 30, 2008

Gabriel er 1 år!

Godgutten vår har bursdag i dag. Takk for eit flott år, Gabriel!

mandag, desember 29, 2008

Vår advents- og juletid

Ja, det har vore både advent og jul i Bangkok òg... For vår del har det berre gått veldig fort unna, og plutseleg var det nesten nyttår!
Me tar det kronologisk og byrjar med det fyrste:
Lucia-feiring i Fantasia. Det har no vorte ein tradisjon at jentene våre går Lucia i nabolaget 13.desember. Saknet av Line (Hallen) var stort i år, sidan Signe brått vart ansvarleg for det meste av synginga, noko som kan Lucia-sangen på engelsk? Amanda frå Finland vart med i år, som i fjor. Nye av året var Pearle og Ploy, men sidan heller ikkje dei kan eit ord norsk, tok me med dvd-spelaren i bakgrunnen. Små, kvitkledde Luciaèr med lys og småkaker er uansett en suksess, og ingen svidde klede eller hårtustar i år heller, heldigvis.
Veka etter fekk me reisa på juleverkstad i Mukdahan. Heile familien storkoste seg, og fekk verkeleg utfordringar i fleng med julepyntlaging. Fletta hjertekorger er framleis eit stort mysterium. På gruppa vår var fam Heggernes som må seiast kanskje streva like mykje som oss. Men frykteleg gøy var det! Til slutt fekk jentene våre vera med på julespel, "Når nettene er lange", som bilete syner; Mykje moro det òg! Takk Kari, Kine og Ann for ein julevarm kveld!

Kyrkjelyden vår kom og sang jula inn kl 2 ei fredagsnatt, rett etterpå kom ungdomsgruppa og åt opp resten av mat, snacks og brus. Ingen jul utan "We wish you a merry Christmas" skrålande ute i porten. Julefeiringa i kyrkja er ei rar blanding av gudsteneste, juletrefest og juleshow. For thaiane er det dette som er jul, 24. - 25.desemeber er vanlege arbeidsdagar for dei fleste. Over her ser de innslaget frå borna. Mannsgruppa hadde eit laaaangt dramstykke om det meste frå julefortellinga, inkludert både Herodes og ein haug med englar (!).
Julekvelden vår var koseleg, varm, kaotisk og livlig. Akkurat slik det skal vera når 5 born under 6 år skal vente på pakkar, ete rar mat, gå rundt juletreet og opne pakkar. Det vart barnas kveld. Eittåringane våre; Mari, Mads og Ragnhild + Haldstudent Else var med og gjorde kvelden ekstra fin for både born og oss vaksne. At Mads handvispa ein liter fløyte til riskrem og waldorfsalat fortener å nemnast, bra jobba! Mari har i grunnen oppsummert julekvelden på sin blogg, sjekk den ut her.

Men, det er jo framleis jul! Me et kakemenner og snop enno, no i Hua Hin. Avsluttar for denne gong med ein varm TAKK til alle de som har sendt julekort, e-post, sjokolade og pakkar. Det har gleda oss stort!

lørdag, desember 13, 2008

Santithum kyrkje på tur!

Sist helg var det tid for den årlege kyrkjeleiren, over 60 stk drog frå Bangkok tidleg fredag morgon ut til kysten sør for Hua Hin. Familien vår hang med så godt me kunne, både store og små. Her er vår rapport:
Leir er rosa! Med myggar store som fuglar måtte myggnettingen opp. Heilt greit for jentene!

Leir er arbeid! 3 timars workshop måtte både planleggjast og gjennomførast. Misjonærkollega Jyrki var med i teamet.

Leir gjev nye vener! Her er Signe og phi Føy

Leir er konkurranse og leik. Dette er, desverre for Arne, ikkje vinnarlaget.

Leir er moro! Sånn skal ein sjå ut etter fullført rebusløp!

Leir er kvile! Nydeleg natur, kjølig temperatur og frisk havbris, godt for oss byfolk!

Leir er fellesskap med Gud og kristne søsken! Søndagsgudstenesta var ei stor oppleving for oss alle. 6 stk tok imot dåp, ein familie på 4 og to ungdomar.
"No er Jesus og englane glade", sa Signe.

mandag, desember 08, 2008

Bryllupsglede

At thaiane er rause med smil er noko alle veit. Me kan fortella at her i landet er dei òg rause med invitasjonane til bryllup! Denne gongen var me godt kjende med både brud og brudgom, noko som har vore heller unntaket i våre bryllupsvandringar...
Cherry og Pae er flotte ungdomar frå kyrkja vår, og me hadde gledd oss til denne dagen lenge. Heilt sidan i vår då Cherry spurde om Signe og Jenny kunne vera rose-jenter i bryllupet. Som erfaren bryllupsgjest visste Signe godt kva det innebar: Fin kjole, pynt i håret og nye sko. Selvfølgeleg ville jentene det!!! Gabriel skulle vera brudesvenn, men ombestemte seg i siste liten og snudde seg for å gå ut heller...

Det var eit lukkeleg brudepar, stolte foreldre, masse gjester og søte brudepiker. Akkurat slik det skal vera!

Me klarte til og med å få våre 3 små til å sitje i ro på kyrkjetrappa i akkurat 30 sekund, slik at me fekk eit bilete (takk til deg, Silje!).

tirsdag, desember 02, 2008

Eit smil frå himmelen

I går kveld fekk me sjå eit fantastisk syn på himmelen: Jupiter, Venus og månen lyste på himmelen og gav oss ei nydeleg smil. Som ein kollega i kyrkja sa: "Det var som ei helsing frå Gud midt i ei vanskeleg tid".

Ganske flott, ikkje sant?

mandag, desember 01, 2008

Kva skjer i Thailand???

Ja, me får mange telefonar, sms og e-post i desse dagar med det spørsmålet; "Alt vel i Bangkok? Kva skjer? Det høyres litt skummelt ut..?".

Takk til alle som tenkjer på oss og ber for misjonærane og Thailand no! Me har det bra! Livet vårt går stort sett som normalt. Det einaste er at me tenkjer oss om ein ekstra gong kor me går i byen, og held oss unna sentrum. Me bur ikkje så veldig langt unna Suvarnabhumi flyplass, og sidan i går har me fått ekstra forsterking i vakthaldet i porten, sånn for å vera på den sikre sida.

Demonstrasjonar, gule og røde t-skjorter, demokrati eller ikkje er samtaleemnene overalt. Mange er redde for rykte til Thailand som eit "smilets land". Det spekuleres vilt i ulike teoriar, men dei fleste (inkl avisene) vedgår at dei rett og slett ikkje forstår heilt kva som skjer, og ikkje aner kva utfallet vil verta.

Me vonar og ber om at det vert ei fredeleg løysing.