mandag, september 21, 2009

40 år i Thailand

40 år i Thailand - ja, ikkje me altså (me har nett starta på vårt 7.år i smilets land), men the Evangelical Fellowship of Thailand, EFT, feirar 40 i år. Som NMS-misjonærar i Thailand er me medlemmer av EFT.

EFT styrer mellom anna 800 misjonærvisum gitt av religionsdepartementet, og av desse har misjonærane i kyrkja vår ei kvote på 28. I høve 40-års markeringa var det bede inn til stor fest; Ei 2 timar lang gudsteneste med påfølgande middag. Helsingane var overraskande korte (yeah!), men talelista var til gjengjeld lang... Pinsevener, adventistar, babtistar, katolikkar etc ville gratulera. Bibelmetaforane var mange: EFT 40 år i Thailand - Moses og isralittane vandra 40 år i ørkenen, Gud gav manna og honning osb, osb.

Lutherske misjonen var representert av Dag (sjefen vår) og meg frå NMS og Naomi frå ELCHK, Hong Kong. Det var litt stusselig med bare 3 stk rundt bordet, så me slo oss like godt saman med bordet til biskopen vår og resten frå vår lutherske kyrkje. Som de ser på bilete var me svært så smilande den kvelden! Eg smilte ikkje fullt så mykje då dei frityrsteikte fiskemagane vart servert, men det kom seg mykje då endeleg pekinganda kom på bordet. Kinamat er i grunnen godt, sjølvsagt ikkje på høgde med thai-mat, men likevel...

Ein fin kveld og ein verdig jubilant. Gratulerer med 40 år EFT!

fredag, september 11, 2009

Ein søndag i Bangkok

Gudstenesta på søndagar startar med bibeltime, og avsluttar med bibelquiz. Innimellom har me hatt lovsong, bøn, vitnesbyrd, forbøn, preike, salmesang og kollekt. Me er ofte både trøytte og svette når det etter 3 timar er klart for lunsj. Trøytte etter å forstå bibel-thai og svette etter springing og hysjing på 3 små. Lunsjen som vert servert etterpå er som regel god, og me deler eit koseleg måltid med kyrkjelyden, sitjande på matter på golvet (og Gabriel springande mellom ristallerkane).

Dessverre hender det at maten ikkje alltid er like tilpassa norske magar. Sist søndag var det nuddelsuppe med rikeleg jerninnhald: Blodklumpane flaut store som kjøtboller rundt på tallerken, og det frista lite...

Signe og mamma'n tok då like godt kyrkjekaffien på Swennsens isbar, og samtalen rundt isen var omtrent som så:

Signe: "Når jeg blir voksen vil jeg jobbe på Swennsens, mamma."
Mamma: "Å, det konne eg òg tenkt meg! Det e sikkert kjekt. Jobba med så møje gode is."
Signe: "Mamma, du har jo hatt din sjans!"
Mamma: "Hæ?"
Signe: "Du har jo hatt din sjans. Du e jo voksen nå. Du sko ha tenkt på det før du tok NMS."
Mamma: "Ehh, ja, eg sko vel kanskje det..."

Så, eg får vel halda meg til NMS, og satsa på at om nokre år får eg kanskje god rabatt på Swennsens is - av Signe.

søndag, september 06, 2009

Det vanskelege valet...

Ja, så var det altså gjort! Fredag var siste dag for å avgje røyster ved dette årets stortingsval. 4 av oss misjonærane i Bangkok gjorde det med stil og hadde ein betre lunsj krydra med politikk, før me tusla inn på ambassaden for å gjera vår borgarplikt. I døra traff me ein reportar frå nettavisa, og me stilte sjølvsagt (!) opp for pressen på ein dag som denne.

Resultatet av det møtet kan de lesa om de trykker her. Legg særleg merke til overskrifta: "Har de avgjort valget?"

Godt val!