mandag, september 21, 2009

40 år i Thailand

40 år i Thailand - ja, ikkje me altså (me har nett starta på vårt 7.år i smilets land), men the Evangelical Fellowship of Thailand, EFT, feirar 40 i år. Som NMS-misjonærar i Thailand er me medlemmer av EFT.

EFT styrer mellom anna 800 misjonærvisum gitt av religionsdepartementet, og av desse har misjonærane i kyrkja vår ei kvote på 28. I høve 40-års markeringa var det bede inn til stor fest; Ei 2 timar lang gudsteneste med påfølgande middag. Helsingane var overraskande korte (yeah!), men talelista var til gjengjeld lang... Pinsevener, adventistar, babtistar, katolikkar etc ville gratulera. Bibelmetaforane var mange: EFT 40 år i Thailand - Moses og isralittane vandra 40 år i ørkenen, Gud gav manna og honning osb, osb.

Lutherske misjonen var representert av Dag (sjefen vår) og meg frå NMS og Naomi frå ELCHK, Hong Kong. Det var litt stusselig med bare 3 stk rundt bordet, så me slo oss like godt saman med bordet til biskopen vår og resten frå vår lutherske kyrkje. Som de ser på bilete var me svært så smilande den kvelden! Eg smilte ikkje fullt så mykje då dei frityrsteikte fiskemagane vart servert, men det kom seg mykje då endeleg pekinganda kom på bordet. Kinamat er i grunnen godt, sjølvsagt ikkje på høgde med thai-mat, men likevel...

Ein fin kveld og ein verdig jubilant. Gratulerer med 40 år EFT!

Ingen kommentarer: