onsdag, januar 17, 2007

Mae Nam Chao Praya - Kongenes elv


Chao Praya er den store elva som går gjennom heile sentral Thailand. Frå nord til sør i 372 km renn elva gjennom heile 10 byar, inkludert hovudstaden Bangkok. Mae nam Chao Praya er framleis ein viktig transportveg, både for varer og menneske. Her i Bangkok gjev elva eit annleis bilete av storbyen; Med alle sine ferjer, "long-tail"-båtar, taxi-båtar, lekter-skip og små påhengsbåtar minnar Chao Praya om ei travel handlegate. Bilete til venstre syner eit rolegare elve-liv frå byen Nakhon Sawan, nord for Bangkok.

Me hadde ikkje vore mange dagane i Thailand før vår misjonærkollega Anne tok oss med på båttur på elva. For oss vestlendingar hadde jo det aller beste vore ein tur på sjøen, i skikkeleg saltvatn, men me er takksame for det me har: Ei svær og ikkje blå, men brun, elv med masse båtrafikk og menneske. Ein sighteeing på side-elevene er nesten som i Venezia, berre mykje billigare og inkludert slangesafari...

Under fagdagane til NMS-misjonærane i haust var me på "luksus-cruise" nedover elva. God mat, gode kollegar og eit fantastisk skue frå båtdekket gjorde dette til ein flott kveld.

Ein tur på Kongenes elv er eit "must" for alle Bangkok-fararar! Rundt elva ligg historien til byen. Her lever folk i hus ein knapt kan fatta heng saman, her er tempel i haugevis med gull og glitter, og her finn ein dei flottaste hotell, av nyare dato, som brøyter seg fram og fortel si historie om utviklinga i Thailand.

Etter nokre timar i båt (og tempelbesøk) bør det leggjast inn ein kaffe-stopp m/kake på "elve-verandaen" på Hotel Orientel (eit av verdas (?) finaste hotell). Ein perfekt dag for sjølv den mest kresne turist.

onsdag, januar 10, 2007

Fyrste skuledag


No har òg lillesøster Jenny byrja på skulen. Rett nok berre 1 ½ time fire dagar i veka og saman med mamma eller Phi Noy (open barnehage på norsk?), men likefullt; ho køyrer skulebuss, treff Signe og venene ute på leikeområdet, og måndag vart ho ønska smilande velkomen av rektor (”ho er akkurat som ei lita Signe...”).

Sidan blogg frå denne store hendinga har vore etterlyst, publiserer med herved dei fyrste bileta av Jenny skulejente (vonaleg til glede for bestefar og alle de andre).

tirsdag, januar 02, 2007

2.januar i Bangkok


På ny er Thailand på nyheitene verda over, heller ikkje denne gongen er det god reklame for landet. 10 bomber eksplodert i Bangkok på nyårsafta sender ikkje gode signal inn i eit nytt år.

Me var på nyårsfest saman med fam Johannessen og fam Vidnes her i Santikham, og merka såleis lite til dramaet nede i sentrum. Det prega oss likevel, og mange tankar og bøner gjekk til dei som vart ramma.

No melder avisene her at regjeringa skuldar Thaksin-tilhengjarar for bombene, og at dette er motangrepet som ikkje kom i dagane etter kuppet i haust. Thaksin, som er i eksil i Kina, har avvist dette. Kva som er heile sanninga veit me ikkje, men det kan vera fare for fleire bombeangrep og ambassaden bed oss unngå store folkemengder.

I dag tok me ein tur til Central Bangna (vårt næraste kjøpesenter). Der vart bilen bombesjekka både utanpå og inni, og veska mi (full av kluter og bleier...) vart undersøkt ved inngongen. Me syntes alle desse prosedyrene var litt vel i overkant, heilt til me fekk høyra at eit anna kjøpesenter, litt nord for oss, vart bombetruga i dag tidleg.

Aftenbøna til Signe og Jenny fekk ei sterkare tyding for oss foreldre no i kveld:
Kjære Gud Fader i himmelens slott! Takk for i dag eg har hatt det så godt. Send dine englar å passa på, alle dei store og alle dei små. Så kan eg sova så trygt og godt. Kjære Gud Fader i himmelens slott.

Me bed om rolege dagar for Thailand i 2007!

mandag, januar 01, 2007

Godt nytt år!


Èi glede driv hundre sorger på flukt
kinesisk ordtak


Me ynskjer alle eit godt og glederikt år, 2007!