fredag, september 29, 2006

Lutheraner og pinsevenn


Det var pinsevenner, frie venner, Frikirken, metodister, Blå kors og Samemisjon. Katolikker, protestanter, reformerte, Sambandet og indre og ytre misjon... Er det andre som hugsar denne songen til Bjarte Leithaug?

Sist søndag var kyrkjelyden vår Santitham, saman med Pinsemenigheten her i landet, vertskap for ei storsamling i hovudkyrkja vår. Folka i Santitham var på førehand svært spente på kva mottaking dette ville få. Kva ville lutheranerane tenkje dersom lovsongen vart for intens og armane fòr i vèret? Kva om alle ba kjempehøgt og ikkje sat stille? Ville alle kjenne seg heime i eit slikt fellesskap?

Det vart til slutt ei fullsatt kyrkje, med ei god blanding frå begge kyrkjesamfunn. Lovsongen var intens, høg og inderleg, det var så det ljoma i veggene. Eit stort trekkplaster var nok storkjendisen Khun Dilo, ei filmstjerne som fortalde om då han vart kristen. Det er så viktig med lokale heltar som kan "fronte" kristen tru!!

Signe og Jenny var for det meste utandørs og leika med små og store kyrkjevener. Utanfor var òg soldatane på plass. Alle samlingar vert framleis overvaka nøye...

Inne vart samlinga avslutta med bøn for konge og fedreland.

lørdag, september 23, 2006

Ekskursjon Tanks



I dag, på ARC (The Administrative Reform Council) sin 4. regjeringsdag i Thailand, reiste me heile familien + fam. Vidnes (minus Sigve) ned til regjeringsbygget for skikkeleg å kjenna på den nye politiske vinden som bles over landet.

”Ekskursjon Tanks” var tittel for turen, og målet var å få sjå nokre skikkelege soldatar med tilhøyrande køyretøy. Og me vart ikkje skuffa! Rett nok fann me veldig lite action, men det var meir enn nok militært personell og utstyr på plass.

Soldatane fekk roser av folk, og smilte så høfleg og fint til alle oss sivile. Fekk nesten ei kjensle av at me var på open dag i ein militærleir... Det var iallefall ingenting som minna om militærkupp og eit demokrati i fare. Nifst.

Arne og Cathrine gjorde som ekte turistar skal gjera: Hengde kamera på magen og knipsa i veg som best dei kunne. Motiva var mange og gode. Signe var ikkje skvetten og ville ha med seg det meste (var nå likevel godt å ha ha med seg Caja). Mamma’n litt meir nervøs for nærkontakt med så mykje våpen, og ei sterk magekjensle for at våpen og menneske berre fører vondt med seg.

Jenny vart fort eit ettertrakta foto-objekt, og fekk fleire pressefotografar i hælane.
Signe prøvde fleire gonger å passa på lillesøster, men det såg ut til at Jenny lika seg svært så godt framfor kamera. Gjett om me skal sjekke alle aviser i morgon!!

Spanande dagar i Bangkok for tida!

fredag, september 22, 2006

The Soldier and I

ARC (The Administrative Reform Council) har no forbode alle politiske samlingar i Thailand med meir enn 5 personar til stades. Eg var i dag tidleg på veg til møte i Field Comittee for den lutherske misjonen, og me er ganske nøyaktig 7 medlemmer... Men, me hadde ingen politisk agenda for dagnes møte, me skulle diskutera misjon og partnerskaps-samarbeid.

Nede på gatehjørnet, rett ved Thong Lo politistasjon (for de som er lokalkjende i Bangkok) stod dei to soldatane, ganske så avslappa, og ”hang” utanfor 7 – 11-butikken. Då eg dro opp kamera, poserte dei villig med eit stort smil...

Mitt fyrste møte med representantar for militærmakta i Thailand vart difor ganske så avslappa. Og det er nett det thaiar flest er når det gjeld militærkuppet, avslappa og rolege. "Det er slik me thaiar ordner opp", var det ein i kyrkja vår som sa, "dette er ein typisk konfliktløysing i Thailand: Ut med den som skaper problem!"

Hmm, av og til er det berre litt for spanande å leva i ein annan kultur.

onsdag, september 20, 2006

Ein dag i unntakstilstand




Me vakna rett over midnatt av at meldingane på mobilen tikka inn: "Kva skjer i Bangkok? Militærkupp??"

Inga god kjensle å lesa nyhende på internett: Soldatar og tanks rundt i gatene, lov og orden sett på pause og tilråding om å halda seg heime. Plutseleg var me ikkje lenger så trygge i byen vår...

Det vart lite søvn i natt.

I dag tidleg regna det... Det vart erklært offentleg fridag, og skulane var stengde. Innandørs tok det ikkje lenge før Signe og Line byrja kjeda seg noko voldsomt. Det var på tide å finna på eit eller anna: Skal me laga butikk?! Signe og Jenny har overtatt Caja sin kiosk, og på kort tid vart det kafè i garasjen vår. Utvalet var det ingenting å seie på, og prisane bar preg av foretningssans hjå dei to damene; 1/4 muffin 100 baht, kjeks 10 baht, kaffi 20 baht, vatn 1 baht og te 1 million...

Me vaksen fekk snakka litt saman og utveksla siste nytt. Det ser jo verkeleg ut til at det roer seg, og her er på ingen måte teikn til dramatikk i byen. Veldig stille og roleg på vegane, men det er jo ganske herleg til ei forandring...

I kveld er det voksensamling her. Godt å samlast alle kollegar. Me avventer ny medling frå sjefen, men det ser ut til at i morgon er det på ny jobb og skule. Militærkupp eller ikkje, me er klare for kvardag att i morgon!

søndag, september 17, 2006

Tigger og Vanilla




Då det kom kattungar til Santikham var Signe raskt ute med ynskje om å få den oransje pusen. Faren sin overtalte ho lett, og plutseleg var det bestemt; Me skulle få oss katt!

Det var lenge å venta til han vart stor nok til å flytte frå mamma'en sin + læra å tisse i sand. Namnet Tigger var klart og diverse katte-effekter kjøpt inn.

Så kom endeleg flyttedagen for Tigger. Men, det synte seg snart at Tigger-gutt var ein skikkeleg mamma-dalt som slett ikkje likte å bu aleine. Så, dagen etter kom søster Vanilla i hus...

Husdyr er ein fin ting. Dei må bare lære seg å kose på fanget!

torsdag, september 14, 2006

Tankar frå Signe


I dag tidleg (medan Jenny og mamma sov så godt, så godt) hadde pappa og Signe ein av sine gode samtalar, sånn i full fart før skulebussen køyrer:

Signe: Eg er storesøster til Jenny, fordi eg kom fyrst ut av magen til mamma.

Pappa: Ja, det er rett det. Den som kjem fyrst er storesøster
Signe: Når eg får baby, og den som kjem fyrst ut av magen min vert storesøster, sant?
Pappa: Ja, når du har vorte vaksen og har ein mann som kan verta pappa
Signe: Ja, det er viktig å ha pappa
Pappa (ganske så fornøgd med utviklinga av samtalen): Ja, det er jo best å ha ein pappa til babyen din
Signe: Me må ha ein pappa til å laga mat, utan pappa kan me dø...
For me vert jo svoltne, og får me ikkje mat, så dør me...


Så, det så!

mandag, september 11, 2006

Kyrkja ute i hagen


Den norske sjømannskyrkja og Svenska Kyrkan i Utlandet delte lokaler i Sukhumvit soi 33 i mange år, før Sjømannsmisjonen i fjor bestemte seg for å flytta si verksemd til Pattaya og den store norske kolonien der. Me som er att her i byen kjenner at me saknar presten vår. Men, "Sjømannskyrkja i Bangkok" er likevel ein stad der me trives, mykje fordi det svenske presteparet Lennart og Lis gjer ein flott jobb med å inkludera både oss nordmenn og danskane.

I Thailand kan ein utan problem leggja gudstenestene utandørs, dersom ein startar tidleg på dag eller seint ettermiddag. Norsk kyrkjetid (frå 11 og utover) vert fort for svett både for prest og kyrkjelyd. Laurdag morgon det gudsteneste m/dåp ute i hagen.

Det vart ein varm og fin gudsteneste med dåpsfølge og oss 4 som einaste frammøtte... Vesle Nanna var så søt, så søt i dåpskjolen sin, og me vil nok hugsa litt ekstra på henne i bøn framover.

Signe, og Jenny var rask borte i leikestativet då det interessante (dvs dåpen) var over. Me vaksne fekk, i fred og ro, med oss kjente salmer + tankar kring likninga om Den barmhjertige samaritan som skikkeleg utfordra oss som medmenneske og kristen.

Etterpå var det kaffe og skillingsboller rundt bordene ute i hagen, og meir leik og moro for dei minste.

Kyrkja i hagen er verkeleg ein oase for oss på så mange måtar…

torsdag, september 07, 2006

Å kunne sin ABC


Tysdag kveld var det foreldremøte på St. Andrews International School. Eit nytt skuleår er så vidt i gong, og Signe er ikkje lenge i Nursery, men stor jente i kindergarten. Dei er no 15 i klassen, 5 jenter og 10 gutar.

Mange var møtt fram for å høyra pensum for dette året. Akkurat no er tema ”Who am I”. I klasserommet hang kunstverk på rad og rekkje. Det var malte sjølvportrett, innrama bilete (alle jentene hadde rosa blomar på sine…) og teikningar av familien. Signe hadde teikna mamma, pappa, Signe, Jenny og Line. Me vaksne såg heller sure ut, smilet hang liksom andre vegen, satsar på at det ikkje har vore oppe til tolkning blant lærarane…

Etter at me alle hadde beundra produksjonen til våre små, samla me oss rundt pensumlister og dagsplanar. Det er gym, musikk, vannleik, baking og pianoøving. Masse, masse m.a.o.

Ordet vart fritt, og då heiv foreldra seg frampå: Om ikkje ungane kanskje vart litt undervurdert? Øve på å pusse tennene sjølv? Kva med lesing og skriving?? Dei kan jo enno ikkje alle tala, eller ABC! ”Alle” hadde vener der borna kunne både skriva og lesa ABC i den alderen. Eg trudde ikkje mine eigne øyrer!? Hæ?! Ungane er 3 år, og det er full panikk fordi dei ikkje kan skriva bokstavane!!!!! Skjøna snart av dette var ganske alvorleg, og læraren, Ms Minke, forklarte som best ho kunne om sosial trening fyrst, tenke langsiktig læring og ulikt syn på pedagogikk.

Til slutt sa ho; ”Mamma’en til Signe er ikkje uroa i det heile, for der dei kjem frå lærer ikkje ungane å lesa og skriva før dei er 7”. Alle såg på meg. Var me rare, eller??? OK, så er me kanskje det, då. Men, Signe får ikkje pugge ABC no, eller ha lekser. Er ikkje leik og moro vel så viktig?

mandag, september 04, 2006

Phibun - del 2: På fisketur

Eg har no i eit år lese på Sørheim og Tveten blogg om alt våre kollegaer i nord-aust Thailand opplever i lag med Satad. Det har vore nattlege turar på jakt etter rotter, slangar, fisk og andre småkryp. Bileta på bloggane har vore mange, og synt stolte jaktmenn med våpen og bytte. Då eg kom til Phibun, denne jaktstaden, samla mennene seg torsdag kveld for ein tur til rismarkene.

Og det var fisking eg skulle få vera med på. Utstyrt med gummistøvler og hodelykt bar det innover på ukjente (og folketomme) stiar. Satad hadde mat med til både fisk og fiskarar: ca 100 pinner med sen og krok på, ei bøtte med feite mark og nokre høns som han hadde slakta i høve turen.

Fyrst måtte me tre mark på krokane og setje pinnane ut i risåkeren. Som den bondesonen eg er tenkte eg det ville gå greit å tre nokre sprelle-mark på krok.Men mange år i urbane Bergen, og seinere no i Bangkok, må ha gjort noko med villmarks-”spiriten” i meg (nokre vil kanskje seia at den har eg aldri hatt...). Eg måtte iallefall ganske raskt melde meg til å setje ut pinnane heller.

Så var det berre å venta..... Maten vår vart tilbereidd og servert. Eit skikkeleg kongemåltid med sticky-rice, grilla høne og sterkt krydra saus.

I skumringa vart det tid for fyrste sjekk; Noko fisk allereie? Lite. Berre å venta litt til.... Utover kvelden vart det mykje meir venting, samt mange og gode jakthistoriar.

Ei lita korg fisk vart med oss heim, og Satad var berre sånn passe tilfreds med resultatet. Eg var derimot veldig fornøgd med turen! Eg hadde fått ein liten smakebit av landsbylivet i Thailand, og eg var ein av gutta med gevær!