torsdag, november 29, 2007

Har mannen din mange damer???

Bangkok har ca 100 000 taxiar, og medan eg ventar på at skytrainen skal verta ferdig neste år, er eg ein flittig brukar av dei rosa, oransje, grønne, gule, blå, røde-bilane. Ikkje alltid lett å få bil-kabalen heime til å gå opp, så eg melder meg gjerne frivillig til å verte kjørt til jobb. 15 kr er prisen for ein taxitur heimefrå til jobb, og det inkl tips! Når eg i tillegg møter ein blid sjåfør som gjerne vil snakke litt om mykje og mangt i Thailand, tykkjer eg at eg har ein god start på dagen!


Tysdag i denne veka var taxi-sjåføren svært så pratesjuk. Han fortalte at han stoppa berre pga den store magen min, eg kunne jo ikkje stå ute i varmen, eigentleg så var han ikkje så ivrig på ein ny langtur. Eg takka og bukka, og spurde kor mange barn han hadde. Han hadde tre vaksne born, og ein kone han hadde vore gift med i over 30 år. "Så flott", sa eg. "Ja, sa sjåføren, det beste er å halde seg til ei kone, det vert så mykje tull når ein roter seg borti andre.

- Og mannen din er vel grei med deg no når du skal ha baby?", fortsatte han.

Eg forsikra om at det var han, hjalp til ein masse med både hus og ungar.

"Har mannen din mange damer", var neste spørsmål. "Hæ?" sa eg, "kva meiner du med det??"

Jo, var det ikkje fahrang (vestlig)-stil å ha masse damer?? Han køyrde stadig vestlege menn til go-go-barar nede i byen. Ehh... Kva svarer ein på slikt?? Eg mumla noko om at eg ikkje trudde mannen min hadde tid til slikt, og at han er fornøgd med den kona han har...

At det ikkje berre er vestlege menn som har eit lausleg forhold til monogamiet, kom tydeleg fram i avisa i går: Ei av innanrikssakene kor stor formue Thailands øvste leiarar har. Leiaren for militærkuppet og statsminister, general Sonthi, har relativt mykje å rutte med, fleire hundre millionar baht, og dette var fordelt på han sjølv, dottera, og dei to (!) konene hans!


Som taxi-sjåføren min sa: "Ein bør ha mykje penger skal ein ha mange damer!". Eg satsar på at Arne aldri får så mykje penger...

tirsdag, november 20, 2007

Me hiv oss inn i debatten...

Ikkje har me TV2 eller norske tabloidaviser, men me har fått med oss at Kristopher Schau og eit visst Tv-program har fått ufortent mykje merksemd i norske nyhende.

I hans neste program reiser Mr. Schau til Thailand for å drive utukt. Han provoserer oss alle, slik han ynskjer. Men, det som verkeleg burde engasjera oss (og provosera) er at verkelegheita er så mykje, mykje verre enn det som vert synt på TV!

Med ein reklamesnutt før torsdagens episode får NMS synleggjort at prostitusjon er noko meir enn kommersiell TV-moro, dette er livet til tusenvis av born (og vaksne) verda over. Mange, mange av dei bur i Thailand og lever under svært uverdige forhold. NMS vil vera der det skjer; anten det er i mediedebatten heime i Noreg eller med forebyggjande arbeid mot prostitusjon i Thailand. Me er stolte av å vera ein del av arbeidet til NMS!

Så, hiv deg på: Støtt NMS (http://www.nms.no/) sitt arbeid for barn og unge, engasjer deg i kampen mot prostitusjon og drit i Kristopher Schau!

lørdag, november 17, 2007

Søndag i Laksi

Det er dessverre svært varierande kvalitet på søndagsskulen i kyrkja vår. Veldig mykje skuldast nok for lite fokus på arbeid blant barn, og dårleg opplæring for leiarane.

Men, det er absolutt i framgang; Mange kyrkjelydar har veldig gode søndagsskular, og samlar mange born kvar veke. Likeeins har kyrkjeleiinga i den lutherske thaikyrkja bestemt at no skal dåpsopplæring prioriterast! Så, godt nytt for framtida!

Søndag var me på besøk i Laksi kyrkje. Der har dei nemleg byrja med søndagsskule på engelsk for den største gruppa annakvar søndag. I Laksi skjer det mykje spanande! Dette er ein ressurs-sterk kyrkjelyd som i fjor opna nytt kyrkjebygg (m.a. med støtte frå Noreg), og har starta sjelesorgsenter og engelskundervisning. Til engelsksenteret har dei no fått hjelp av 2 unge jenter frå Finland og Noreg (som arbeider heilt gratis!), samt ein norsk eitt-åring til undervisning av born og vaksne. Det er desse 3 som har ansvaret for den "internasjonale" søndagsskulen.

Medan Signe og Jenny fekk høyra og sjå på Sakkeus som klatra i tre, fekk me vaksne nyta gudsteneste i ei nydeleg kyrkje. Det var så flott å syngja salmer i eit kyrkjerom som ikkje i tillegg skal vera lunsjrom, aktivitetsrom, møterom, inngangsparti etc, etc. Me nordmenn er rett og slett litt bortskjemt med flotte kyrkjebygg!

Søndagsturen vår til Laksi var ein suksess for heile familien. Det er nok ikkje lenge til me tek turen att!

lørdag, november 10, 2007

På sjukehus - "A journey of care"

Me har lenge hatt mistanke om at Signe hadde arva mamma sine "problem-øyrer", og med infeksjonar og feber i fleng dei siste åra, var det no på tide at noko vart gjort.

Innom øyre-nase-hals-spesialisten sist fredag og bad om råd. Ho meinte, etter diverse undersøkingar, at både mandler og polypper måtte fjernast + dren i begge øyrene. "Passar det med operasjon i morgon", spurde ho. Foreldrene kjende at det kom kanskje litt brått på + at Signe hadde ein invitasjon til bursdagsselskap hengjande på kjøleskapet...

Me vart einige om tidleg tysdag morgon. Ingen ventelister her, nei! Berre nokre få diskre spørsmål om finasiering og slikt. Me sende varme tankar til trygdeordningane heime i Noreg som gjer at me kan få det beste av helsetilbod dei har her i landet.


Tysdag var Signe klar for operasjon. Mamma fekk vera med heile tida fram til Signe sov på operasjonsbordet. Etter to timar vart ho trilla ut, og mamma'n henta til overvakinga. "Ho hadde kjempesvære mandler", var det fyrste legen sa.


Det var ei bleik og taus lita jente som låg i senga den dagen. Dagen etter var formen betre, og Jenny og Phi Noy kom på besøk. På ettermiddagen kom òg skulekameraten Vin innom, og det var stor stas!

Etter to dagar ville Signe heim, og doktoren var einig. Med lovnad om å ete meir var det ei glad jente som pakka veska og reiste heim til Fantasia. Det fyrste ho gjorde "på frifot" var å tygge i seg ei pølse i brød, no var ho lei av suppe!

I går ville ho på skulen att, med medisiner i skulesekken. Dei i klassen hadde lurt på korleis Signe ville sjå ut når ho kom attende. Sidan ho skulle operera i halsen måtte vel legen ta av hovudet fyrst, og tenk om Signe ikkje vart heilt lik seg sjølv etterpå?!

Neste veke skal me på sjukehuset att og henta kuuule øyreproppar, ein rosa og ein blå, så då er det klart for bading!

torsdag, november 01, 2007

Amerikanske tilstandar...

Naboane våre i Fantasia er for det meste ex-pats frå England eller USA. Me er på mange måtar eit bittelite internasjonalt samfunn midt i Bangkok. At amerikansk/britisk kultur òg påverkar oss såg me tydeleg i går.


"Alle" var klare for Halloween-feiring, husa var pynta og snop + kostymer innkjøpt. Me var ute litt i siste liten, men då kvelden nærma seg var me godt førebudde. Einaste grensa me vaksne sette var forbod mot å "skumle til" huset vårt, alt med måte!

Så snart det vart mørkt kom det fram hekser, spøkelser, alver, vampyrar osv frå kvart eit hus. Snope-posane vart etterkvart fulle, og det var nok fleire enn oss som sleit med legginga i går... Ikkje lett med ungar oppgira på altfor mykje sukker!




No øver Signe og mamma på Lucia-songen. 13.desember skal naboane få ein smak av skandinavisk kultur!