mandag, desember 31, 2007

Når 2 vert til tre, fire og til slutt 5!


Då vår etterlengta vesle baby endeleg bestemte seg for å forlata mamma sin mage, gjekk det forferdeleg fort! Ingen grunn til å vente lenger! Litt over kl 23 søndag 30.desember vart Gabriel fødd. Han var akkurat passe stor, 3610 gram, og veldig lik pappa`n sin.

Så, kjære vener: Me vil gjerne få presentera vårt nye familiemedlem, Gabriel:




onsdag, desember 26, 2007

Glimt frå julafta


Julafta kom og gjekk utan ny lillebror her i huset, men det la ingen dempar på julegleda!

Den store magen sette rett nok ein stoppar for skandinavisk julegudsteneste nede i byen, men elles holdt me programmet som planlagt.

Kl 18 julafta kveld var me samla 17 stk til ribbe, medisterpølse og kalkun i stova vår. Me hadde kombinert julefeiring med fam Hallen, og spisebord og sofa var flytta rundt mellom husa. Ei perfekt løysing, og deileg å ha plass til to familiar og 6 Hald-studentar, NMS-eittåring Robert og bror Martin. Ein kjempeflott gjeng som me skal få sjå meir til utover våren.

Pakkeopning hadde me fordelt utover heile dagen, slik fekk ungane god tid til kvar pakke, alt må jo prøvast med ein gong!

Juletregangen på kjøkkenet til fam Hallen var stas, mens Jenny var heller undrane til denne rare greia... Elles så måtte me forsikra jentene om at nissen kun hadde vore på snarvisitt om natta med julesokken, og var reist attende til Noreg med ein gong etterpå. Dei ville ikkje ha noko av ein nisse som luska rundt her i Fantasia.

Den store julegåve-slageren i år synte seg å vera kaffikrus. I alt vart det pakka opp 12 krus. Det fortente eit eige bilete av dei stolte eigarane.

Kl 01.00 tusla me heim, "høge" på sukker og julefest-glede.

tirsdag, desember 25, 2007

GOD JUL

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom Der samles mine tanker som i sin hovedsum Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt

søndag, desember 23, 2007

Thaksin vinner valet??????

Det er parlamentsval i Thailand i dag, og me prøver oss på same overskrifta som nettavisen.no. Siste måling syner nemleg at Pepole Power Party (PPP) får over 40% representasjon i parlamentet. PPP er partiet for gamle vener av Thaksin, og leiinga har offentleg gått ut med si støtte til den tidlegare statsministeren.

For oss som er gjester her i landet har det vore spanande å følgje utviklinga, frå dei fyrste ryktene om uro mellom Thaksin og det militære, via militærkupp i fjor haust, bombeprotestar i Bangkok, val av ny gunnlov og til no frie val til nytt parlament.

Valkampanjane har vore mange, overalt og til tide ganske så støyande. Det er ein jungel av valplakatar langs vegene, og alle kandidatane er like velkledde og "strøkne på håret". Som de ser har me strødd utover litt smakebitar av kampanjemateriellet, ingenting å seie på utsjånaden til landets leiarar iallefall! Ein liten detalj som er verd å merka seg er innslaget av gult (kongefargen, sidan kongen er fødd på ein måndag) eller rosa (nye kongefargen, sidan kongen kom ut frå sjukehuset ein tysdag). Ingen skal tvila på lojaliteten til konghuset!

Me venter spent på det endelege resultatet, og vonar at spådomane om valfusk vert gjort til skamme. Likeins bed me om ei fredeleg julehøgtid og nyårsfeiring, utan gateslagsmål eller bomber av noko slag.

lørdag, desember 22, 2007

Ein hyllest til 2 flotte jenter!

4 månadar går frykteleg fort, og torsdag kveld reiste Bente Kristin og Linn Åse heim til Undheim. Me har fått ha dei her på besøk sånn litt innimellom, men stort sett har dei vore vært opptenkne med jobben sin på Lovsangshjemmet.
I løpet av dei månadane dei har vore her, har dei:







- Sponsa oppussing av Lovsangshjemmet
- Kjøpt uteleiker til Day Nursery i kyrkja
- Kjøpt PC til ettermiddagsaktivitane og ein masse leikar til barnehagen + ein haug anna utstyr som var på ynskjelista til dei som jobber der
- Introdusert motoriske øvingar for borna
- Lært ungdomane "Line-dance"
- Vore (litt) ivrige kyrkjegjengarar i Immanuel
- Sørga for at ungdommane på sports-aktivitetane fekk jærske fotballdrakter
- Redda julefesten i slummen ved å skaffe masse penger på rekordtid
- Fått masse gode thai-vener
- Lært dei viktigaste thai-glosene
- Ete masse steikt ris (khaw pad gai)
- Halde liv i AdMakers og The Big Boy Band
og ikkje minst:
-Vore til stor glede for alle oss som har fått vera i lag med dei.

Kjære Bente Kristin og Linn Åse: 1000 takk for alt de har gitt av smil, latter og engasjement! De er sakna av mange!

torsdag, desember 20, 2007

I denne søte før-julstid

Ingen er meir norske enn nordmenn i utlandet, seies det. Mogleg det. Me prøver iallefall å halda på norske førjuls-tradisjonar, og så vert dei litt justert etter varme og kulturelle forhold elles.

Her eit lite knippe av hendingar frå desember:

Juleavslutning på St Andrews. Jenny var stjerne og sang "twinkle, twinkle, little star", medan Signe og klassen hennar hadde varme vinterklede på og var "Frosty, the snowman".

Kakemennene, bakt etter Besto si oppskrift, er på plass i kakeboksen!


4 nydelege små Lucia'ar spreidde lys, glede og småkaker blant naboane i Fantasia. Stor suksess!
Før-julskino på Lovsangshjemmet. 35 ungar var samla til kino, brus og popcorn.


Innimellom her skulle me hatt supre bilete av storbesøket vårt med julegrøt og "3 nøtter til Askepott"-filmen. Det har me altså ikkje... Men gå gjerne inn på kollega Anne sin blogg (trykk her!) så får de info og bilete frå denne kvelden òg.



3.søndag i advent vart feira med våre gode vener Bo og Viroj. Bente Krisin og Linn Åse låner for tida "top-suiten" vår, og gjorde ein god innsats på "Tenn Lys"-sangen.



Og sist, men ikkje minst, julebord med LMT-kollegane våre. Me var samla misjonærar frå 5 land til ein betre middag og "mykje lått og løye".

søndag, desember 16, 2007

Nedtelling

Som sikkert dei fleste veit har me nedtelling til to store hendingar for familien no i desember: Julefeiring og ein heilt ny lillebror.

Julafta er jo ganske sikkert den 24., og med Jens Petrus si adventsappelsin har me full kontroll over kor mange dagar det er att til jul. Når lillebror vil ut av magen er litt meir usikkert: Vil han venta til romjula (slik mamma'n trur), eller vil han vera med på julefeiringa?

Legen er ganske sikker på det siste, og meiner babyen kan koma kva dag som helst no. "Har du fått mobilnr mitt?", spurde ho på onsdag, "ring meg så fort du kjenner noko, slik at eg kan vera på plass når du kjem til sjukehuset." Fridag eller ikkje, travle karriere-legar i Bangkok må stilla på jobb!

Jenny vil at babyen skal "av magen snart", slik at ho får plass på fanget til mamma, men elles er det nok kanskje Phi Noy (hushjelpa vår) som er mest stressa no i desse dagar. Torsdag var ho i gang med lufting av madrass og bilstol og vaska på babytepper for harde livet! Så, no er seng og klede klart, sjukehusbagen er pakka og storesøstergåve skal handlast i dag.
Velkomen til oss, når du vil, lille baby!

torsdag, desember 13, 2007

Julegåvetips

(lille)bror Odd Olav og svigerinne Laila har gitt oss gris til jul! Dvs, grisungen skal få bu heime i Kina og bæsje så mykje den berre orker, og dermed lage straum i landsbyen sin.

Klimagris er eit "hot" julegåvetips for den som har alt, berre klikk deg inn på NMS og kjøp grisungar!


God julehandel!

mandag, desember 10, 2007

Santa Claus is coming to town...

Ein ekte finsk nisse skal visstnok vera på plass i eit av dei finare kjøpesentra her i Bangkok. Mange har tilrådd at me tek turen innom, og sidan dagen i dag er fridag (Thailands nasjonaldag), tenkte me at eit nissebesøk kunne passa.


Signe har gleidd seg i mange dagar, og i dag grytidleg fann ho fram yndlingskjolen sin og var beinklar for å treffa nissen.


Signe: Eg ska ble nisse når eg bler stor

Mamma: Å, skal du det?

Signe: Ja. Også skal eg gifte meg med ein nissegutt.

Mamma: Javel, det bler sikkert bra.


Signe: Koffår e ikke du någe, mamma?

Mamma: Hmm?? E någe? Eg e jo mamma!

Signe: Nei, koffår kan ikkje du òg ver någe, sånn så meg; Eg ska ver nisse når eg bler store!

Mamma: Eg syns det er ganske møje å ver mamma...

Signe: Nei, ikkje bare mamma. Koffår kan du ikkje ver någe?

Mamma: Nei... Då e eg visst ikkje någe aent...


Ja, ja, sånn gjekk det. Utkonkurrert av nissen! Og det før eg hadde vakna skikkeleg...

mandag, desember 03, 2007

Advent

Adventstida har gjort sitt inntog i Fantasia. Me har hatt ei skikkeleg før-julshelg, og deler den meir enn gjerne med våre blogglesarar:

Besto har sydd adventskalender til begge jentene. Er dei ikkje kjempefine?! Stor glede laurdagsmorgon!


Søndag var det adventsgudsteneste og julemesse på Svenska Kyrkan i Bangkok. Me fekk kjøpt pepperkaker, ostepop og lakris. Ungane laga julepynt og åt skillingsboller (svenskane sitt svar på våre sjømannskirke-vafler). Julestemninga sig innover oss...

Adventslyset er tent. Jenny syntes det var veldig fint...

Svidd sjokoladekake vart servert til gjestene; Fam Hallen, Phi Oyi, Beng, Robert og Cathrine. Brent mat gjev god sangstemme, ikkje sant? "Tenn Lys"-sangen vart iallefall veldig fin med så mange rundt bordet.



Robert (NMS-eittåring), Jenny og Signe sit klare for Tøfflus. Ingen desember utan! Robert sa høgt og tydeleg at han var vaksen og kunne sitje nede på kjøkkenet og drikke kaffi saman med oss andre. Men så fort kjenningsmelodien på Skomakergata kom sivande ned, var han relativt raskt opp trappene, og fann plass saman med andre Tøfflus-fans.


At Cathrine skulle koma på besøk har me venta lenge på! Sjølv om det var litt rart at berre Cathrine kom, og ikkje Sigve, Bettina, Talette og Caja ("koffor, mamma?"), var det stor stas og gledeleg gjensyn. Jenny hoppa stort sett opp og ned heile tida (og snakka som ein foss), og visste visst ikkje heilt kva anna ho kunne gjera...

Me satsar på å sjå heile familien i Thailand til sommaren!!!