torsdag, desember 20, 2007

I denne søte før-julstid

Ingen er meir norske enn nordmenn i utlandet, seies det. Mogleg det. Me prøver iallefall å halda på norske førjuls-tradisjonar, og så vert dei litt justert etter varme og kulturelle forhold elles.

Her eit lite knippe av hendingar frå desember:

Juleavslutning på St Andrews. Jenny var stjerne og sang "twinkle, twinkle, little star", medan Signe og klassen hennar hadde varme vinterklede på og var "Frosty, the snowman".

Kakemennene, bakt etter Besto si oppskrift, er på plass i kakeboksen!


4 nydelege små Lucia'ar spreidde lys, glede og småkaker blant naboane i Fantasia. Stor suksess!
Før-julskino på Lovsangshjemmet. 35 ungar var samla til kino, brus og popcorn.


Innimellom her skulle me hatt supre bilete av storbesøket vårt med julegrøt og "3 nøtter til Askepott"-filmen. Det har me altså ikkje... Men gå gjerne inn på kollega Anne sin blogg (trykk her!) så får de info og bilete frå denne kvelden òg.



3.søndag i advent vart feira med våre gode vener Bo og Viroj. Bente Krisin og Linn Åse låner for tida "top-suiten" vår, og gjorde ein god innsats på "Tenn Lys"-sangen.



Og sist, men ikkje minst, julebord med LMT-kollegane våre. Me var samla misjonærar frå 5 land til ein betre middag og "mykje lått og løye".

Ingen kommentarer: