
Julafta kom og gjekk utan ny lillebror her i huset, men det la ingen dempar på julegleda!
Den store magen sette rett nok ein stoppar for skandinavisk julegudsteneste nede i byen, men elles holdt me programmet som planlagt.
Kl 18 julafta kveld var me samla 17 stk til ribbe, medisterpølse og kalkun i stova vår. Me hadde kombinert julefeiring med fam Hallen, og spisebord og sofa var flytta rundt mellom husa. Ei perfekt løysing, og deileg å ha plass til to familiar og 6 Hald-studentar, NMS-eittåring Robert og bror Martin. Ein kjempeflott gjeng som me skal få sjå meir til utover våren.
Pakkeopning hadde me fordelt utover heile dagen, slik fekk ungane god tid til kvar pakke, alt må jo prøvast med ein gong!


Kl 01.00 tusla me heim, "høge" på sukker og julefest-glede.
1 kommentar:
Heihei og god jul:)
Såg ut så dokke hadde en kjempe fine feiring:)eg Linn ska og skriva om mi feiring.Siden eg må forsetta å ha blogg sånn at dokke ikke glemme okke.hehe...Lykke til videre med barn og greie:)
Legg inn en kommentar