
Det er parlamentsval i Thailand i dag, og me prøver oss på same overskrifta som nettavisen.no. Siste måling syner nemleg at Pepole Power Party (PPP) får over 40% representasjon i parlamentet. PPP er partiet for gamle vener av Thaksin, og leiinga har offentleg gått ut med si støtte til den tidlegare statsministeren.
For oss som er gjester her i landet har det vore spanande å følgje utviklinga, frå dei fyrste ryktene om uro mellom Thaksin og det militære, via militærkupp i fjor haust,
bombeprotestar i Bangkok, val av ny gunnlov og til no frie val til nytt parlament.
Me venter spent på det endelege resultatet, og vonar at spådomane om valfusk vert gjort til skamme. Likeins bed me om ei fredeleg julehøgtid og nyårsfeiring, utan gateslagsmål eller bomber av noko slag.
1 kommentar:
God jul! Håper dere får en fredlig og strålende julaften og romjul:) (Skal hilse fra mamma også som stadig er inne å leser bloggen deres)
Juleklem fra Ane Marie og Nina:)
(Nina husker med et smil julaften i fjor;)
Legg inn en kommentar