mandag, desember 10, 2007

Santa Claus is coming to town...

Ein ekte finsk nisse skal visstnok vera på plass i eit av dei finare kjøpesentra her i Bangkok. Mange har tilrådd at me tek turen innom, og sidan dagen i dag er fridag (Thailands nasjonaldag), tenkte me at eit nissebesøk kunne passa.


Signe har gleidd seg i mange dagar, og i dag grytidleg fann ho fram yndlingskjolen sin og var beinklar for å treffa nissen.


Signe: Eg ska ble nisse når eg bler stor

Mamma: Å, skal du det?

Signe: Ja. Også skal eg gifte meg med ein nissegutt.

Mamma: Javel, det bler sikkert bra.


Signe: Koffår e ikke du någe, mamma?

Mamma: Hmm?? E någe? Eg e jo mamma!

Signe: Nei, koffår kan ikkje du òg ver någe, sånn så meg; Eg ska ver nisse når eg bler store!

Mamma: Eg syns det er ganske møje å ver mamma...

Signe: Nei, ikkje bare mamma. Koffår kan du ikkje ver någe?

Mamma: Nei... Då e eg visst ikkje någe aent...


Ja, ja, sånn gjekk det. Utkonkurrert av nissen! Og det før eg hadde vakna skikkeleg...

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg må vel føre meg i dine rekker og seie at eg og ikkje er noko spesielt. Ser at vi er ført opp som kollegaer under linkene deres til hjemmesider. Den er god. Om ein mnd i dag lander vi i Bangkok. Det er utrolig kort tid og utrolig mykje som skal gjøres før den tid.

Snakkes

Tore