
I går hadde me lova ein ettermiddag i bassenget. Dei var utstyrt med nye badedraktar frå tante Noy, og veldig badeklare då eg kom heim frå jobb. Etterkvart kom det fleire ungar, og det vart mykje latter og hyling. Då Arne kom for å henta oss, etter endt arbeidsdag, fekk han høyra att dei nett var byrja bada. Eg tenkte 2 1/2 time var ei bra stund, men tydelegvis er tidsomgrepet svært relativt, alt etter om du sit på land eller leiker i bassenger.
I løpet av dagane her har dei vorte
introdusert for brødskiver og makaroni, begge deler var berre så vidt etande. .. Men rekesuppe så sterk at eg knapt greier svelge, den går ned på høgkant!! Matvaner er ein spanande ting!Me satsar på at me får ha dei nokre dagar til enno. Skulen opnar ikkje att før slutten av mai, men det avheng vel òg av kva bestemor oppe i Nord-aust vil ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar