søndag, juni 10, 2007

Hipp hurra, det er bursdag!

Vår vesle solstråle og "busy bee", Jenny, har hatt bursdag i dag!
2 år er jenta vår, og det vart feira med stort selskap. 20 born og mest like mange foreldre var samla i ettermiddag, og slikt vert det mykje lyd av!!

Ein god miks av NMS'arar, naboar, vener og skulekameratar gjorde det heile til ei ganske så internasjonal blanding. Jenny solte seg i glansen og pakka opp pakkar så det var ein fryd å sjå!
Me foreldre ser at to år har gått altfor fort, men gler oss over at me no har enno ei stor jente i familien. Jenny er nemleg ikkje baby lenger (det får ingen lov å kalla henne!).

Ein fin dag for store og små, og berre 5 dagar att til me sit på flyet til Flesland!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer med dagen, Jenny. Hos oss har Elias og vorte 2 år. Vi har litt thai-vær for tiden. 26 gr og flott sommervær. Visst dere skal til Sotra og det passer seg slik er det bare å stike innom.

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Grattis Jenny!!! Gleder meg til fredag. Da skal vi reise til Norge sammen!

Kaja

Anonym sa...

Du er bare såååå søt. Takk for at vi fikk komme i bursdagen din.

Hilsen Chalom og Anne