tirsdag, juli 03, 2007

Tooghalvfjers eller treoghalvfems

Overskrifta er berre for å tydeleggjere for alle at me no kan tella på dansk! Me har vore i Danmark ei heil veke, og har nydt godt av danske bakevarer, salami, ostar og taxfree-sjokolade frå danskebåten.

Bestemor og bestefar på Forsand inviterte med seg barn, svigerbarn og barnebarn på hytteferie på Hals.

Kjempe-tusen takk!

Det er godt å vera heima og få tid til søsken og nieser att, etter 2 år vekke. Godt å le saman, diskutera, oppdatera kvarandre på kvardagane våre og ha tid til seine kveldar med kortspeling.


Me har gode dagar i Noreg (-og altså òg i Danmark!)!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei & velkommen t gamlelandet!

Såg ud som dåkk koste dåkk i Danmark. Bur dåkk på Grasholmen nå? Me må treffas i løbe av sommaren! Glede mg t å sjå dåkk adle igjen! Morris & eg bur på Hana - hadde vore koseligt om dåkk ville ta turen innom på vei t elle frå Forsand (d e jo ikkje omvei ein gong...).

Send ein mld når d passe. 99097338 e mob.nr mitt.

Goe klem frå Gunn & Morris