onsdag, juli 09, 2008

Naboane våre på hjørnet

Me bur vegg-i-vegg på ei lang rekke her i Fantasia. Naboane skiftar stadig ettersom dei fleste er utlendingar som stadig er på flyttefot, både innad i Bangkok og til andre kantar av verda. Familien på hjørnet er derimot ganske stabil. Det er ein ekte thai-familie med bestemødre, tanter, nevøer og nieser "overalt", i tillegg til eit ukjent antal hushjelper. Faktisk så er me ikkje heilt sikre på kven det er som eigentleg høyrer til i huset...

I sist veke rigga dei til med ute-tak, stolar og catering-firma utanfor huset sitt (dvs mesten utanfor vår port òg). Då 3 munkar òg kom etterkvart, måtte me spørje kva dette var for noko. Dette er "boat" fekk me til svar. Alle thai-menn over 20 år bør vera ei tid i tempelet som munk. Kor lenge varierer frå nokre veker til fleire månadar. Enno er det eit krav frå mange foreldre at deira komande svogerson har vore munk iallefall for eit par veker før dei gifter bort dottera si.

Sonen i nabohuset vårt (som me ikkje heilt kan hugse å ha sett før) skulle altså no "vigslast" til munk. Det var ei kjempesvær greie, med masse folk, blomar og mat. På bilete ser de ein av munkane som klipper av dei fyrste hårstråa, eit symbol på at det gamle og ureine vert tatt vekk.

Etterkvart fekk han på seg ei kvit drakt og følget reiste til tempelet for å avlevere gutten. Men ikkje før dagen vart skikkeleg feira med mat, drikke og musikk.

Ingen kommentarer: