onsdag, oktober 29, 2008

Når ein må ha mamma med på jobb...

Gabriel og mamma`n er saman om det meste. Det gjeld òg på lange reiser, små møter eller store samlingar, du finn oss gjerne på bakerste benk - klare til innsats!

Sist helg var me på plass i aulaen på Misjonshøgskulen i Stavanger. Det var leiarsamling i NMS. Landstyret, regionsleiarar, repr frå regionsstyrene, representantar frå misjonsfeltene og diverse leiarar frå hovudadm var samla heile helga.

Me to helt bakerst i salen var passe døgnville, og som ei naturleg følge av det ganske trøtte og sure/grinete store deler av helga. Vår oppsummering av samlinga er difor på ingen måte representativ for det som var programmet...

2 høgdepunkt for oss må nemnast:
1) Me traff ei svært hyggjeleg dame som var med i foreininga Unges Misjon på Birkeland. Dei har oss på bønelista, og dei er på vår info-brev liste. Utruleg kjekt å få eit "ansikt" på våre forbedarar på Sørlandet, men samstundes kjende eg på det ekle, gnagande samvitet; Har me sendt noko infobrev i det heile dette året??? Så, til alle de der heime som venter på brev frå oss (inkl diverse kyrkjelydsblad): Me lovar no bot og betring og eit laaaangt førjulsbrev fra Bangkok til Noreg om ikkje lenge!

2) Gudsteneste på Bogafjell. Ei ganske stor gruppe NMSàrar reiste til Bogafjell søndag føremiddag. Ingen tvil om at prest Rune og hans medarbeidarar gjer ein kjempejobb der. Det krydde av born, mødre, fedre, ungdomar og dei meir vaksne. Faktisk vart det så fullt i gymsalen at det til slutt ikkje var sitjeplass for alle! Gabriel storkoste seg bakerst (!) i kroken saman med andre småtroll. Har Gabriel det bra, har òg mamma det bra. Fekk til og med høyre det meste av preika!

Veka etter var det samling på Strandleiren og møter på HA. Gode dagar. Mange fang å sitje på for ein som gjerne ville delta i diskusjonen...




Særleg på HA hadde mini-representanten frå Thailand det bra. Han sender nok ei ekstra helsing og kos til damene på info-senteret. Ein av dagane der var det Gabriel fekk ein ein klapp på skuldra og spørsmålet: "Må du ha med mamma på jobb i dag òg, du?".

Ingen kommentarer: