søndag, februar 15, 2009

Når det vert endringar i vèret...

Ikkje før me har lova betre tider med oppdatering på bloggen, vert det stille i vekesvis...

Grunnen er ganske enkel den at fleire i familien, og då særleg mamma'n, har vore ganske så forkjøla og skrantane helse... Me har hosta om kapp, natt og dag, og når kroppstemperaturen i tillegg stig opp mot 40-talet har ikkje humøret vore på topp verken hjå store eller små.

"Endringar i vèret", seier thaiane, "alle er sjuke no". Ehh... Me ser jo at det er mange med hoste og snørr for tida, men har vèret endra seg??? Ikkje vore ein regnsdråpe på månadar, sol er det kvar dag og varmt likeså... Uansett, det er slik det skal vera no for tida, altså. Imunforsvaret vårt er altså heilt rett innstilt til lokale forhold!

På bilete ser de bloggredaktøren i gang med hostesaft. Legen sende med ein heil pose med medisiner, alt smakar like dårleg. Hostesaft med lakrissmak er berre eit vagt barndomsminne...

2 kommentarer:

Silje Marie sa...

God bedring fra jentene i Waterford:)

Anonym sa...

Hei, hei, ikkje barra i Thailand d e sjukdom, her på Karmøy e me o sjuge. Ønske dokke god bedring, Goe klem fra onkel reidar og Marianne