søndag, april 12, 2009

GOD PÅSKE!

Mukdahan har dei siste åra vorte ein kjent by i Thailand blant misjonsvener i Noreg. I samband med generalforsamlinga i ELCT (Evangelical Lutheran Church in Thailand) vart eit praktbygg av ei kyrkje vigsla med stor høgtid.

Så, med bileta frå opninga av Mukdahan kyrkje ynskjer me alle ei GOD PÅSKE!


Matt 28,1–8 1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til disiplane hans: 'Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.' – No har eg sagt det til dykk.» 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til disiplane.

Ingen kommentarer: