
No er ikkje sommarferien berre ferie. Dei aller fleste ungane, iallefall her i Bangkok, har vore på sommarskule eller leir (eller rett og slett tatt ekstratimar dersom dei strauk i faget før års slutt).
Mange born som til dagleg bur hjå besteforeldra på landsbygda,
får lov å besøkje mamma og pappa i Bangkok nokre dagar i ferien. Det er elles i året ikkje ofte det skjer.

I ELCT har omtrent alle kyrkjelydane arrangert ein eller annan form for barneleir eller ekstra aktivitet for born no i sommar.

I eit nystarta evangeliseringsprosjekt midt i Bangkok
(les meir om dette her) hadde evangelist Elle barneleir for ungane i nabolaget. Eg stakk innom ein dag og had
de engelskundervisning. Ca 15 ungar som gjerne ville læra "fahrang-språk", men som enno ikkje kunne anna enn thai bokstavar.
Så, me laga vafler og serverte nysteikte hjerter til biskopen og andre i kyrkja. Det var gøy det òg!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar