mandag, august 24, 2009

Borte bra, men heime best

Det er ei veke sidan me landa i Bangkok, etter mest 2 månandar i Noreg. Det har på alle måtar vore ein god, god, god sommar. Været har vore upåklageleg, me har fått tid med gamle vener, og varme, gode band til besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn er knytt og forsterka på ny. I tillegg har norsk mat vore ein hit; Fiskegrateng, lapskaus og fiskeboller gjekk ned på høgkant hjå alle fem.

Då me kom ut av flyet på Suvarnaphumi flyplass "snuste" Signe opp i lufta og sa; "Ååh, kjenn så godt det lukter!". For henne er den varme, klamme lufta lukta av heime... Noreg er veldig bra, men Thailand er likevel best!

Jentene ynskte seg sticky rice og kylling til middag, så då var det bare ut i gata og handle! Sjølvsagt etter at alle hadde vore ein laaaaang tur i bassenget.

I går fekk me besøk av vener som ville høyre korleis det var i Noreg og invitere oss på skikkeleg thaimat + sjå kor tjukke me var blitt etter all den norske maten (!). Som bilete syner så åt me godt!

Men før det hadde me ein god søndag formiddag i kyrkja. Kjekt å sjå alle att, sjølv om det virka som om det fyrst og fremst var ungane alle hadde sakna...

Skule og jobb er i gang att - det er kvardag, og godt er det!

Takk for i sommar!

Ingen kommentarer: