fredag, oktober 23, 2009

Kan nokon stoppe tida?

Dagane fyk avgarde! Sjølvsagt når me har mest å dela på bloggen skjer det så mykje at det me har aller minst tid til er nye blogg-innlegg...
Oktober er på veg ut, forsvunne i regn, regn, regn, lyn, torden + host og snørr.

Thai-skuleåret er no halvvegs, og skulane har ein månad fri før oppstart på siste semester. Så no er det høgsesong for seminarer, leirar og diverse andre arrangement.

Sjølv har eg vore på ei vekes seminar om Evangelisering in Thai kontekst, eit undervisningsopplegg for nye misjonærar. Av Dr Nantachai og kona Dr Ubolwan lærte eg ein masse om thai kultur, buddhisme og alle klassiske kulturtabbar me alle gjer - men som bør unngås. Etter 6 år her i landet var det mykje eg allereie hadde lært gjennom "learing by doing", men likefullt var det interessant å få litt teori knytta opp mot erfaringane.

Helga etter var det tid for vår årlege kyrkjeleir. Det er lite thaiane er meir glade i enn å reise på tur (bay thiew). Og då køyrer ein ikkje frå A til B, men stopper på alle moglege rasteplasser og tar alle avstikkarar som er å finne. Køyreturen som me (Arne) normalt ville gjort unna på 2 -3 timar tar ofte minst det dobbelte når me reiser saman med våre kristne thai-søsken. Det kan vera ei utfordring med 3 små i baksetet... Vel framme hadde me opptelling: Over 60 stk var med, dei aller fleste ungdomar! Veldig bra og halleluja for vekst i kyrkja!

Særleg Signe hadde gledd seg til leiren, og fekk mange nye vener blant ungdomane. Eg hadde ansvar for barneopplegget, der våre 3 utgjorde 50% av barneflokken....

Når ein reiser på tur har ein det moro (sanuk). Som Dr Nantachai så grundig hadde fortalt på seminaret: "Evangelisering, sosialt felleskap, gudsteneste, kva som helst; noko innslag av leik og moro bør det vera". Leir er jo pr def. leik og moro, så det er klart - alle storkoste seg! I vår familie er det Arne og småjentene som redder oss i selskapsleikene. Dei synes ballong-med-vatn-kasting er gøy og hiv seg utpå i diverse konkurransar.


I kyrkja vår har det økonomisk sett vore eit vanskeleg år, og dei nyttar eitkvart høve til å finne kreative måtar å auke inntektene. På leiren vart det arrangert marknad. Signe selde leiker og snop, og Arne steikte vafler. Stas! Gevinsten var ikkje stor, ca 160 kr, men sanuk var det iallefall!

Kos dykk med bileta frå leiren, og hugs gjerne kyrkja vår i bøn!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei hei:)
Såå jillt m nytt på bloggen, he våre innom mangen gg å sitt, så endele:) Såg ud så en jille leir å godt addle koste seg, bra! Dåkke æ goe! Tenke møje på dåkke å håba alt står godt te m dåkke addle.
Me snakkes å hels møje te ongane.

BK:)

Anonym sa...

Hællæ!

Moro å se at det er liv i dere!:)
Ser ut som om dere har det bra!

Registrerer også at vaffeljernet er i bruk! :)

Prekæs!
Robert

Anonym sa...

Nei, ingen kan stoppa tiå, Anne Brit. Derfor e det bare te å oppdatera alderen din på bloggen. Eg passe på :-)
Klem fra Siv Ane, 37 1/2 år