fredag, juni 25, 2010

Misjonær til Taiwan


Den evangelisk lutherske kyrkja i Thailand sender i desse dagar ut sin fyrste misjonær! Slett ikkje verst, med tanke på at ELCT vart etablert for bare 16 år sidan.

Adjarn Wannee er ei flott dame, ein sterk leiar og ein brennande evangelist. På førbønsgudstenesta no i veka fortalte ho om sitt fyrste møte med ein kristen thai og om korleis forbøn og omsorg frå m.a ein finsk misjonær hadde forandra livet hennar. Ho ville bli misjonær, men kva er det - og korleis vert ein det?

Åra gjekk, og Wannee gjorde ferdig skulen og teologistudier. Ho har no i fleire år leia ei av kyrkjelydane i Bangkok og er ei av dei markerte kvinneleg leiarane i kyrkja. Slik sett er det leit å sjå henne reise, men me gler oss saman med Wannee over at draumen hennar om misjonsarbeid no vert realisert.

Ho vert teken imot av kyrkja i Taiwan og skal ha hovudfokus på dei mange arbeidsinnvandrarane frå Thailand.

Kjære misjonsvenn i Noreg; Takk og be for Wannee, vår nye thai-misjonær i Taiwan.

Ingen kommentarer: