fredag, april 08, 2011

Jenta vår er blitt stor - og kan tenke sjøl

Eldstejenta vår har runda 8 år. Inspirert av eit par andre venninner ville òg Signe tenke alternativt med bursdagsgåvene, og då pappa fortalte at borna på Lovsongsheimen trengde engelske spel var valet ganske klart: Signe bad om gåver som kunne brukast til engelskundervisningen på Lovsangsheimen. Alle mamma'ene vart kjempe-engasjert og ville veldig gjerne ha ein felles tur til Home of Praise.

Då selskapet var over, og 10-15 jenter drog heim etter pizzabaking og sleep-over, kunne Signe samla 4 bæreposar med puslespel, lotto, kort, bordspel etc som skulle overleverast veka etter. I tilegg tok fleire av naboane ein skikkeleg opprydding på leikerommet og fylte på med sekk etter sekk med leiker. Bursdagsprinsessa sjølv var storfornøgd med feiringa + gåvene ho fekk frå besteforeldre, tantar, onklar i Noreg og NMS-gjengen.

Så, under ser de bilete frå den ettermiddagen då Signe tok med seg Celine, Hanna, Rayna, Menam og Mary Lou til slummen (og jobben til pappa):



2 kommentarer:

Mari sa...

Så nydelig datter dere har! Signe har nå et stort hjerte! Blir litt rørt, jeg.. :)

Anonym sa...

Så goe du æ Signe:) Gratulera så møje m vel øvestått. Godt du hadde en goe dag å så æ dæ en goe følelse å gleda andre. Tenk så mangen du he gleda nå!! Stort hjerta ja, tru ikkje mangen 8 åringa så æg kjenne hadde jort dæ sama. Kos dåkke å hels kjende.
Store klem ifrå BK