torsdag, juni 02, 2011

Tusen takk, biskop Visanukorn!

Etter 8 år som biskop i ELCT skal Visanukorn no bli student i Hong Kong. Før sommarferien var det avskjedsfest og takketalane var mange, og til dels rørande.

Lite er meir populært på ein fest i Thailand enn ein "open" mikrofon. Denne kvelden var det fritt fram - og mange nytta høvet: Evangelistane kom fram med sjølvskrevne tekstar, på tradisjonelle folkeviser (som våre norske stev) og biskopen heiv seg på dansegolvet. "Alle" tok seg ein liten thaidans til slutt, t.o.m vår nye generalsekretær Jeffery og hans kollega i den finske misjonen (til stor glede for medlemmene i kyrkja). Er det andre enn meg i NMS som har bydd opp generalen til dans, kanskje???

Biskop Visanukorn vart innsett fyrste hausten vår i Thailand, og er liksom "vår biskop". Han er veldig avslappa på formalitetar, noko som har vore godt for nye misjonærar som verken hugsar rett tiltale eller "wai" i starten. Visanukorn er kjent for godt humør og smil. Men, det har vore krevjande 8 år som biskop i ELCT, og det var difor kjekt å sjå ein glad biskop motta takk og godord frå alle som er glade i han.

Frå Bangkok prosti var takkegåva eit digert portrett, innrama som seg hør og bør. Reknar med at det får heidersplassen i stova framover....

Ingen kommentarer: