tirsdag, januar 10, 2012

Bli med oss til Naan!

I desember for eit år sidan reiste me for fyrste gong nordover til Naan - og me falt pladask! For folket, naturen, fargane - det er så ulikt, nydelig og eksotisk! Samstundes er fattigdomen tydeleg og analfabetismen er utbreidd. Heksedoktoren styrer i landsbyen, og kvardagen gjev store utfordringar for mange.

Presten Amonay og hans stab gjer ein fantastisk jobb. Faktisk er det i Naan me no finn den største veksten i kyrkja, det er no nærare 900 døypte blant Lua-folket. I tillegg får mange born støtte til skulegong og klede gjennom prosjektet "Barn og Utdanning", og kyrkja gjer det dei kan for å fokusere på utdanning for dei unge.

Rett før jul reiste me på familietur til fjellene, og var med i Naan-teamet for 3 dagars leir med 60 flotte barn. Her er ei lita minnebok:

Click to play this Smilebox photo album
Create your own photo album - Powered by Smilebox
This photo album customized with Smilebox

Ingen kommentarer: