fredag, februar 22, 2013

Iskald jul - nesten som i Norge....

Me har hatt ei kald jul, ei jul i fjellet med så frisk luft at ungane sa det lukta som i Noreg... Og den "ferske" lufta var vel eigentleg den einaste likskapen med norsk jul. Elles så var det lite som minna om pakkefesten, pinnekjøtet, finkleda og julesnopet som me er vane med.

For i Naan-fjella fekk me vera med på jule-turne, frå den eine fjell-landsbyen til den andre. Dag etter dag. Gudsteneste med dåp, juleevangeliet sett i samanheng med frelsen (forklart på Lua-språket) til sjenerte, men smilande barn og vaksne. Me fekk sjå jublande born som fekk ei lita pakke kjeks og ein ballong i julegåve. Bestemor som fekk tildelt eit såpestykke og ein liten eplejuice.

"Å gje av eigen overflod" har vel aldri passa betre, for det var det me gjorde. Me gav så lite, og kontrasten til kvardagen vår i Bangkok vart så enorm. Der levde folk utan strøm, analfabetismen er skyhøg, kostholdet er stort sett ris, og tilbodet dei gjev på det lokale sjukehuset er mest ikkje verd å nemna ein gong. Midt i dette lever presten Amnaoy og kona Yai.

Det var no 3.året me pakka bilen og reiste, men fyrste gong for julefeiring. Ungane som, då ideen om alternativ jul var presentert, var heller lunkne, ville ikkje reise heim att 2.juledag. "Kan me ikkje reise hit meir juler" høyrdes frå baksetet då me kryssa elva og vinka adjø.

Under ser de bilete frå ei annleis jul, ei jul me aldri vil gløyme.










1 kommentar:

Anonym sa...

Hi there! I'm at work surfing around your blog from my new iphone 3gs! Just wanted to say I love reading your blog and look forward to all your posts! Keep up the excellent work!

my blog - Methadone Clinics Near