fredag, april 28, 2006


Kjært barn....

.... har mange namn, heiter det. Og det er Jenny så absolutt! Det er særleg Signe og mamma'en som er kreative på namneområdet.

"Olli bolli" er ofte brukt når Jenny sklir opp og ned på fanget og hyler mens ho fekter vilt med armane.

"Tingeling" er det siste nye, etter sin nydelege lille namnesøster og "ling" som er apekatt på thai. No klatrer ho rundt både der ho kjem til, og der ho til slutt set seg fast... I går kom ho plutseleg opp trappa, veldig
blid og fornøgd!!

Av og til er det "Bæsje-gui" (som er Signe sin favoritt), då lukter det ikkje godt...

Men, som regel er det berre "Jennymor". I dag meiner mamma og pappa at dei høyrde Jenny seie høgt og tydeleg "Jenny", og det t.o.m. med norsk tonefall! Dette lover bra!


Nyt bileta av vår lille prinsesse, er ho ikkje fantastisk?!

onsdag, april 26, 2006


Gjensyn med Då

Dagane fyk avgarde, som kvardagane ofte gjer... Men, på fredag fekk me ei kjærkome overrasking: Då kom på vitjing til oss! Nokre av dykk hugsar sikkert at me har fortalt om han i tidlegare fellesmail. Då budde under ei bru i slummen i Bangkok, utan familie og med sniffekluten som følgjesven. No har han budd 2 år på barneheim, er avrusa og går i 3.klasse.

Veldig kjekt å sjå han att! Har vorte ein stor gut på 11 år, smilande og ser ut til å ha det bra. Han kom til oss saman med "mamma" Anne, godt å sjå den kontakten dei to har.Me hadde ikkje sett han på nesten eit år, og trudde ikkje at Signe ville kjenna han att. Men, det tok ikkje mange minutta før dei fann tonen, slik som før, og dei tulla og tøysa i massevis. Jenny fekk òg vera med, og koste seg saman med dei to andre.

På kvelden, etter spaghetti og masse is,vart Då trøytt og ville heim, men han lova å koma att om ikkje lenge. Me ser fram til det!

tirsdag, april 18, 2006



Aleina igjen....

Så har dei altså reist; Kristin, Elin, tante og onkel. I skrivande stund er dei ein stad mellom København og Bergen. Dei forlot Thailand med 36 (!) par sko, sticky rice-gryte, thaisnop og veldig, veldig brune... Me sit att med masse påskesnop, nugatti, leverpostei og makrell i tomat i kjøleskapet

+ totalt hekta på sudoku...


Og, sjølvsagt, me skal leva lenge på ein masse gode minner frå ei flott påske!
Dei har allereie (nesten) lova å kome att!


No kjem neste pulje frå Noreg 17.juni. Jan Kåre og Stein Gunnar: De er hjarteleg velkomne!

lørdag, april 15, 2006


Koh Samet

Sist måndag reiste me på dagstur til Koh Samet, ei lita øy på austsida av Thailandsbukta. Heile øya er ein nasjonalpark, og har nydelege strender med kvit sand og klart, blått vatn. Eit paradis, med andre ord. Det har ikkje alltid vore idyll; Visstnok var øya tilhaldsstad for piratar som herja langs Thailands kyst. No var det lite sjørøvarar å sjå, berre ein masse turistar (thaiar og tilreisande) og seljarar av ymse slag som patruljerte stranda.

Me tok ein speedbåt frå fastlandet direkte til Hat Sai Kaew (glassandstranda), som er den lengste og mest populære stranda. Der var me langt frå aleine, men det var heller ikkje plagsomt mykje folk. Me bada, solte oss og åt kylling og ris på ekte thaivis.

Slitne av masse sol og bading forlot me Koh Samet på ettermiddagen. Fleire av oss med ny hudfarge (kledeleg rosa), og nok sand i kleda til ein skikkeleg "bodyscrub". Deilig med ferie!

onsdag, april 12, 2006




Verdensvid glede - Misjonærmøte 2006

Ei heil veke var me samla, misjonærane i Thailand, Kina og Japan, til fagleg/åndeleg/sosial samvær. Dagane vart lengre enn langt, det var mykje som skulle inn på programmet. Måndag til onsdag var me alle i Bangkok, før me fekk høve til å kjenna sjøbris og nyta sol og varme på Purimas Resort i Rayong.

Samla var me over 60 stk (med alle store og alle små), og me var ei ganske så samansett gruppe. Me frå Thailand var dei yngste både i alder og utanlandserfaring, våre "eldste" er familien Johannessen med 8 år i Bangkok. I Japan, derimot, var snittet nok nærare 20 år på misjonserfaring. Sånt vert det spanande diskusjonar og meiningsutvekslingar av!! Me har lært ein masse.

Barna hadde sitt eige opplegg, og Signe fekk ta opp att kontakten med Ingeborg Anna, Caja og Henrik frå nord-aust. Ho koste seg! Det gjorde ikkje Jenny. Ho var veldig misfornøgd med at mamma og pappa ville høyra på

div foredrag. Det var rett og slett keisamt, noko ho gav ofte uttrykk for, høgt og tydeleg!! Bilete over syner Jenny som omsider har sovna. Slitsomt å vera møteplagar...

Me har fått glimt av verdensvid glede (og frustrasjonar og utfordringar) i Asia. Mange flotte kollegar både i Kina og Japan har me òg. Her i Thailand drøymer me no om misjonærmøte 2008 i Japan med ski og slalombakkar...

tirsdag, april 11, 2006

Livet er herleg!

Misjonaermoete er over (rapportblogg kjem til veka!), og me har gode dagar paa stranda... Her er nokre glimt fraa det gode liv:



Litt synd at i dag er det tid for heimreise...

fredag, mars 31, 2006


Generalforsamling ELCT

Onsdag til fredag sist veke, 3 dagar til endes, var det generalforsamling i den Evangeliske Lutherske Kyrkja i Thailand. Eg var med som observatør sidan eg er vald "treasurer" for den Lutherske Misjonen. Ingen misjonærar har lenger stemmerett ved generalforsamlinga, så alle representantane for dei ulike misjonsorganisasjonane sat, som de ser på bilete, fint på bakerste rad. Dei store sakene var i år knytt til økonomi, 5-års plan og val av ny kasserar og ny generalsekretær. Tidlegare gen.sekr Adjan Thaweep vart ny kasserar og tidl kasserar Adjan Kaew vart ny generalsekretær...

Ungdomsgruppa i kyrkja er ein flott gjeng! Her ser de leiaren presentere årsrapporten frå i fjor. Eit levande, veksande og sprudlande kristent ungdomsmiljø i kyrkja er absolutt eit bøneemne.

Eg ser fram til spanande samarbeid med kyrkja framover i vidare utvikling av organisasjonen, nye leiarar og økonomiplanlegging.

søndag, mars 26, 2006



Åsmund sin store dag

Dette er lille Åsmund. Han er fadderbarnet mitt og vart døypt sist søndag, ganske nøyaktig 1 månad og 10 dagar gammal. Er han ikkje utruleg søt?

Gler oss stort til å treffa Åsmund, storebror Sverre, mamma Annette og pappa Lars Petter til hausten her i Thailand. Det vert stas for både liten og stor.

Enno ei stund må eg vera "fjern" fadder, men heldigvis har bøna ingen grenser!

lørdag, mars 25, 2006


Kristin og Elin, (tante) Torhild og (onkel) Trond

Me har ostringar på besøk! Kristin, Elin, tante og onkel er på sin andre Thailand-tur sidan me kom hit. Er me ikkje heldige, vel? Etter ein kort stopp hjå oss reiste dei vidare sørover denne veka, og nyt no sol og varme på strendene i Krabi.

Etter misjonærmøte skal me treffast att i Rayong. Så vert det songkran (thai-nyttår) og påskefeiring saman. Me gler oss!



....and the winner is...

Nr 1001 på bloggen var Ane Marie, vår venn frå Hald-teamet 2003/2004.

Hei Ane Marie! Me reknar med å sjå deg her i Bangkok ganske snart, kanskje ta ein tur på Swensens?

Iallefall, 1001 baht går til Lovsangshjemmet i slummen.

(Kanskje me skal prøva dette ein gong til med nr 2002???)

torsdag, mars 23, 2006

Nr 1000 eller 1001????

Me nærmar oss 1000 treff på bloggen vår... Det er me litt stolte av etter berre 4 månadar.

For å oppmuntre til fortsatt interesse for våre liv og leven her i fantastiske Thailand, utlovar me her følgjande premie til nr 1001 (å verta nr 1000 er jo premie nok i seg sjølv, ikkje sant?:

Me donerer 1001 baht til eit valfritt NMS-støtta prosjekt i Thailand.

Dette vert spanande!!!!!!!! Følg med, følg med....

torsdag, mars 16, 2006

Signe ballerina

Signe fekk rosa ballettdrakt til bursdagen av tante og onkel. Bestemor prøvde å ta bilete, sånn gjekk det:

søndag, mars 12, 2006


Gyldne, men travle, tider...

Dei siste 3 vekene har kome og gått, i ein rasande fart. Me har jobba, vore sjuke, jobba, vore sjuke att, hatt gode vener frå Bergen innom, fått besøk av bestemor og bestefar+ Gunda og Gunnar, kaffi-besøk av Åsane menighet, hatt gode dagar i Hua Hin, feira 2 bursdagar og fått ei rødbrun øgle som nytt husdyr i hagen.

Her er litt av alt, i bilete:
Anne, AnnKrisitin og Sissel på lynkjapp visitt før vidare til Vietnam. Me rakk ei intens arbeidsøkt om strukturar og org.utvikling.


Så kom endeleg bestemor og bestefar!




Gode dagar i Hua Hin



Med Jenny på magen syntes t.o.m bestefar at shopping var kjekt!

Bestemor feira bursdagen sin på Swensens.


Me fekk treffa denne flotte, misjonsengasjerte gjengen frå Åsane menighet. Lukke til vidare!!

Så fine vert damene med skreddasydde kjolar. 1000 takk pappa!

Endeleg var det Signe sin bursdag! Ho hadde venta lenge...
Feiring både heime og på skulen!

Så reiste dei heim, alle 4, til snø og minsusgrader. Takk for fine dagar saman!

Ventar du på bilete av hus-øgla vår? Dessverre, den er ganske så mediesky... Men, du er velkomen til å ta ein titt sjølv i hagen vår!

mandag, februar 20, 2006


PATTAYA

Pattaya er ein liten by på austkysten av Thailand med eit ganske så frynsete rykte. Grunna det heller lugubre nattelivet har ikkje byen frista som feriemål for oss. Men, då Den norske Sjømannskyrkja opna ny kyrkje i oktober, og kollegar fortalte om andre, positive sider ved Pattaya, tenkte me: "kanskje me no skulle ta oss ein tur og sjå....?". Som sagt, så gjort. Her er beviset: Me har vore på Den norske Sjømannskyrkja i Pattaya!



Feiring av Arne sin 35 års dag på hotell Cabbages&Condoms i Pattaya høyrtes bra ut. Ein blanding av Bangkok-folk, Pattaya-buarar (+tilreisande frå Noreg)
saman med godt thaimat gjorde det heile til ein flott kveld. Arne fekk stadfesta at han no er på full fart mot dei 40...




Resten av vår 2-dagars mini-ferie var konsentrert rundt bassenget. Signe koste seg med Talette og Caja, og me vaksne hadde det ikkje så verst me heller. Jenny skulle nok gjerne tatt seg eit bad, men hadde det heilt OK under parasollen med mamma og legoklossane. Så, kjekt i Pattaya, men neste tur går til Hua Hin!

torsdag, februar 16, 2006



KJÆRE ARNE!

35 år i dag!!!!










Dei 3 jentene dine gratulerer!




tirsdag, februar 14, 2006



Up&Go...

Det var i går kveld. Eg skjøna jo at det snart var legging. Hadde fått hofteputa av, og sat i senga mi og skulle liksom leike litt sjølv. Mamma surra rundt med pysj'en min i eine handa og leita etter tannkosten min. Då tenkte eg at eg skulle hjelpe til å sjå litt rundt. Eg tok tak i sengekanten og reiste meg opp.... Då vart det liv! Mamma hylte på pappa som kom springande med fotoapparatet. Eg berre gliste... Litt interessant å sjå verda frå høgt oppe. No vert det full fart framover!

Ha spanande dagar du òg!

Helsing,
Jenny 8 mnd og 4 dagar

mandag, februar 13, 2006



Fiskeglede!

For eit par veker sidan fekk me oss fisk i hagen. 2 store keramikk-kar med vassliljer + gule, oransje, kvite, raude og svarte fisk. Ein del overlevde ikkje flyttinga frå butikken, så litt påfyll måtte til... Men, kva gjer vel det, for no i helga fann me fiske-babyar blant blomar og blad!! Masse bittesmå fiskar. Kjempestas!

No lurer me på om dei må ha fiske-baby-grøt? Nokon med erfaring frå fiskeoppdrett? Råd mottas!

Lukkeleg helsing 4 fiske-fans

søndag, februar 05, 2006


5.februar 2006:

Kjærestar i 13 år, og framleis unge og søte...

lørdag, januar 28, 2006


Året som gjekk...

Det er slutten av januar, og tid for årsrapport. Det er no tid for evaluering, ettertanke, sjølvransaking etc etc… Siste frist for innlevering var i går. Her sit eg og skal rapportere om fjorårets bragder… Febersjuke Arne og Jenny er vel i seng, det same er ei trøytt Signe (heldigvis feberfri no), eg er eigentleg klar for kveld sjølv, men no kan dette ikkje utsetjast lenger.

Kl 19.50: Personalia har gått greit, målsettingane for 2005 likeså, dei finn eg jo på rapporten frå 2004. Men så; ”beskriv arbeidsoppgaver”… Det vart ikkje mange linjene. Hmm, eg som tykkjer eg har fått gjort litt dette året. Det vert liksom ingenting når det kjem ned på papiret som punktstreker.

Vidare: ”I hvor stor grad mener du målsetningene er nådd?” Dette er vanskeleg! Går det an å måla det? Eg tek meg i å ete vannmelon som om det gjaldt livet… Dette kjem til å ta tid…

Kl. 20.45: Er no kome til pkt 5: ”Målsetninger for neste arbeidsår.” Ja, det er spanande! Kva mål frå programplanen vert sentrale for mitt arbeid? No vert dette kjekt! Programplanen for Organisasjon og Ledelse er interessant lesning. Eg plukkar ut eit par punkt, dette er jo midt i blinken! Entusiasmen brer seg… Godt er det, for no er det berre vannmelon-steinar att på fatet…

Kl 21.08: Jenny vaknar. Ho er varm, feber stig til natta, og no vil ho ha kos… 5 min så listar eg meg ned att.

Kl. 21.39: FERDIG! Rapporten er maila til sjefen, og det er tid for sjokolade. Eg kan no med friskt mot sjå framover mot eit heilt nytt arbeidsår, med blanke ark og fargestiftar til… Og neste år skal rapporten leverast innan fristen. Lovar!

tirsdag, januar 24, 2006

Bursdag i dag....

Kjære Irene!
Gratulerer med dagen!