onsdag, januar 18, 2006


Åndehus

Thai-buddhismen er ein blanding av ulike buddhistiske retningar og åndetru. Trua på at åndene står sterkt i thai-kulturen, og gjev seg utslag i mange, for oss, eksotiske og uforståelege ritualer. Eit av dei mest framtredande symbol på åndenes plass i dagleglivet er åndehusa. Nesten alle hus/bygningar, særleg i Bangkok, har eit åndehus. Ein kan sjå dei utanfor kjøpesenter, hotell, bankar osb. Åndehuset er, som namnet seier, eit hus for åndene på staden. Utan eit slikt lite hus i nærleiken kan ein risikera at åndene flyttar inn i eins eige hus, noko som kan forårsaka all mogleg uro og problem. Ein byggjer då altså eit lite, men fint, hus i nærleiken som skal frista meir enn hovudhuset. For å sikra at åndene held seg her, og er blide og fornøgde, er thaiane dagleg borte med mat, drikke, blomar, lys etc.

Her i Santikham har me òg eit åndehus. Vårt står plassert rett utanfor hagen vår. Men, med fleire utlendingar på området samt kristne thaiar, er det dårleg med stell for åndene her. Blomane er stort sett visne, og mat er det sjeldan å sjå servert... Men, alle oss andre har det svært så bra i Santikham! Og det trur eg er utan nokon som helst hjelp frå åndene...

Ingen kommentarer: