torsdag, oktober 05, 2006

Ein oktoberdag i regntunge Bangkok


I skrivande stund heng skyene tungt over byen, det er grått ute og liknar mest av alt på ein vanleg haustdag på Vestlandet. Det har regna vel mykje dei siste dagane, og vatnet har runne som elver i gatene. Kjem plutseleg på regnjakka mi heime i Noreg, det er lenge sidan slikt utstyr var naudsynt å ha. Mest som eg saknar regnjakke og paraply i vindskeiv gange over Torgalmenningen...

Minstemann her i huset, Jenny, har slite med oppkast og diare sidan helga. Slitsomt for ein liten kropp som fort vert tappa for krefter når all mat og drikke kjem i retur. Lite søvn og urolege foreldre. Eit virus, sa legen, og i dag satsar me på ein dag der maten får halda seg i den vesle Jenny-magen. Her i Santikham har alle ungane fått sin del no snart, me vonar at Signe slepp unna denne gong...


Søndag kveld (frå splitter ny flyplass!) reiste fam Heggernes og fam Fjøren heim att etter 3 veker i Thailand. Me lånte dei siste helga, og fekk koslege dagar saman. Filip og Elias er akkurat like gamle som Signe og Jenny, og dei vart fort kjempevener. Hyttebygging i stova, tøyse på trampolinen, og hoppe frå kanten av bassenget var dei store prosjekta. No er dei altså heime att på Sotra, men med Thailand-virus med i bagasjen... Vonar Elias snart vert frisk att.

No er det snart avgang til fagdagar inne i sentrum. Misjon er utfordrande og spanande, og no får me to heile dagar til samtale og diskusjon. Rapport fylgjer til helga att.

Ha ein fin dag, anten den vert i sol eller regn!

Ingen kommentarer: