Men, det er absolutt i framgang; Mange kyrkjelydar har veldig gode søndagsskular, og samlar mange born kvar veke. Likeeins har kyrkjeleiinga i den lutherske thaikyrkja bestemt at no skal dåpsopplæring prioriterast! Så, godt nytt for framtida!
Søndag var me på besøk i Laksi kyrkje. Der har dei nemleg byrja med søndagsskule på engelsk for den største gruppa annakvar søndag. I Laksi skjer det mykje spanande! Dette er ein ressurs-sterk kyrkjelyd som i fjor opna nytt kyrkjebygg (m.a. med støtte frå Noreg), og har starta sjelesorgsenter og engelskundervisning. Til engelsksenteret har dei no fått hjelp av 2 unge jenter frå Finland og Noreg (som arbeider heilt gratis!), samt ein norsk eitt-åring til undervisning av born og vaksne. Det er desse 3 som har ansvaret for den "internasjonale" søndagsskulen.Søndagsturen vår til Laksi var ein suksess for heile familien. Det er nok ikkje lenge til me tek turen att!
2 kommentarer:
Hei alle fire!
Så kjekt å lese at dåps-opplæringa skal prioriteres i Thailand!!
Gleder meg til å komme ned og være med!
Klem Mildred
Hei.
Så bra å høre at dere likte å være i Laksi. På søndag er det på ny engelsk søndagsskole, men da er det Robert som skal i ilden...
-Ingvild
Legg inn en kommentar