onsdag, februar 25, 2009

Vinterferie

Sist veke var det "midterm break" på skulane til jentene, og i god norsk tradisjon kallar me denne friveka i februar for - vinterferie! Og i vinterferien skal ein jo leike i snøen, sjølv om ein bur i Bangkok med 30+ grader. Like utanfor Bangkok ligg parken med det velklingande namnet "Dream World". Sånne parkar står normalt ikkje øverst på lista vår ein fridag, men no hadde me lova Signe lenge at ho skulle få ein tur dit. For i Dream World har dei nemleg "Snow Town". Signe og Jenny skulle leike i snøen for fyrste gong i sitt liv! Diverse vintereffekter (vottar, skjerf, lue) var innkjøpt - sjølvsagt rosa - og spenninga var stor i bilen på veg utover.

Vel inne på omkledningsrommet, før "frysedørene" vart opna, nekta Jenny å ta på genser og lue, det er så vaaaaarmt.... Mamma prøvde å vera tålmodig, men korleis forklara ein 3-åring kor kaldt eigentleg 4 grader er, når me her i juletider frøys med rundt 22?
Vel inne kom både genser og vottar raskt på, og Signe forsvann innover mellom pingvinar, mammutar og julenissen. Dette var gøy! Etter ganske nøyaktig 5 minutt sklei Jenny i snøen, vart blaut på votten, kald i fjeset og ville ut! Fort!

Så, vårt norske vinteralibi vart Signe som storkoste seg i snøbakken, og var rød og kald i kinna når ho kom ut. Akkurat slik det skal vera i ein vinterferie!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja, her er det ikke mye snø igjen, men våren er på gløtt.. kjekt at de får føle snøen.. det blir omstilling gitt!! Klem frå Torhild