torsdag, desember 24, 2009

Dette er ein av desse laaaaaange blogginnlegga

Det er tidleg julafta morgon, og mange timar til ein ringer jula inn i Noreg. Her i Bangkok har me hatt ein travel desember. Me har hatt julefeiringar i kyrkja kvar helg, og i vekene har me sprunge på diverse konsertar og show på skulane til ungane.
Så, me er godt "julefeira" allereie!

4.desember fekk me ei gruppe ungdomar på besøk. Dei var på caroling (syng julesongar) og me tok imot dei, heller trøtte, rundt midnatt. Mykje liv og røre. Gabriel vakna sjølvsagt og sat med store auge og såg på alle som åt mat og snop midt på natta.

Helga etter var det felles julegudsteneste for alle lutherske kyrkjelydane i Bangkok. Den store kyrkja til presteseminaret var stappfull! Det var julesang, julespel og juleevangeliet. Det eksotiske innslaget var thai-dansen etterpå (som de ser var det to linselus som sat bak scenen). "Give Thanks" var tema for årets julefeiring, og dåpen som kom litt utanfor programmet var ei fin påminning om nådens gave.

Gudstenesta vart avslutta med norske, finske og asiatiske misjonærane i Luciatog. Søtare Lucia'ar har vel knapt vore sett på dei kantar før...

Helga etterpå var det endeleg vår tur til å gå caroling. Fredag kveld reiste me jentene inn til byen. Etter å ha sunge, bedt og velsigna 9 heimar enda me opp heime hjå oss klokka 2 på natta. Då var alle klare for mat! Plutseleg hadde me 2 damer sovane på sofaen, ei bestemor i stolen og 3 ungdomar på golvet. Det er slitsomt å ha det gøy!

Innimellom her har Jenny hatt juleshow påskulen, der klassen hennar var Norway.





Og me har hatt norsk kveld med grøt-med-mandel og 3 nøtter til Askepott.

Sjølvsagt må me heller ikkje gløyme Den store Julefesten på Home of Praise. Eit par dagar før var Arne og presten å handla julegåver til 300 ungar, alt frå babyar til ungdomar. Og borna kom, saman med foreldre eller besteforeldre. Det var julesong, dans, gitar og fiolin. Like stor suksess som i fjor og åra før der. Ingen i slummen bør vera i tvil om at det har vore jul!

Søndag 20. var julefeiring i kyrkja. Folk strøymde på og festen varte og rakk. Me reiste heim då Gabriel kom og bad om å få sove... I Thailand er juledagane vanlege arbeidsdagar, så for våre vener i kyrkja vart julefeiringa avslutta denne dagen.

Hjå oss kom Maria, Josef og Jesusbarnet på plass i julekrybba i går. Me er no klare for høgtida!

3 kommentarer:

Mo og Gunn sa...

Rektigt god jul t dåkk adle 5!!
Me har ett julakort ligganes m/navnene dåkkas på, men har ikkje postadresså... Dåkk har jedna ikkje vår heller?? For me har jaffal ikkje fått julakort frå Thailand.

Anyway, koseligt å lesa lange julablogg!

Ønske dåkk ei flotte nyttårsfeiring!

Klem frå Gunn & Morris

Mo og Gunn sa...

Fekk julakort i går! Tuuusen takk -kjempefint! Vårt blir jo då ein smule forsinka, men d e jo tanken så telle.

Goe klem t dåkk adle

Mo og Gunn sa...

Det er 30 des og Gabriel sin 2 årsdag! Gratulerer så mye med dagen!

Om 2 timer er vi på vei til Gilja for å feire nyttår i badestampen og 16 minus! Brrrrrr..... :-)