torsdag, desember 03, 2009

The sunny side of life


Etter fleire år som utlending i Bangkok er eg overraskande lite kjend med expat-miljøet her i byen. Thailand er visstnok kåra til det 3.beste landet for fastbuande utlendingar (etter Canada og Australia) og i særleg i hovudstaden er utlendingane mange. Ungane går på internasjonal skule og konene (det er jo slik at mennene er dei som jobber) følger med. Gjennom skulen til jentene har eg truffet mange av desse mammaene, og eg må med skam innrømme at mine tankar om at expat-koner berre er opptatt av klær, manikyr og champagne er langt, langt frå sanninga. Fordomar kjem av uvitskap, og takka være flotte nabodamer og klassemammaer har
eg fått korrigert mine.

Veldig mange er engasjert i frivillig arbeid og bruker sine kontakter til god hjelp for fattige familiar. For ei tid tilbake vart eg invitert til ein veldedighets-lunsj i regi av Hong Kong damene. Det sat litt langt inne å bestemme meg for å gå, men så var eg jo litt nysgjerrig òg...

Fleire hundre damer samla ein fredagsformiddag i ein flott ballsal til god mat og ok musikk.
Formålet med lunsjen var å samle inn penger til å byggje ein skule i nord-Thailand, og me hadde fått klar medling om å ta med mykje lommepenger! Ved fyrste augnekast kunne det sjå ut som ein norsk julemesse, men eg såg snart at her var det ikkje mykje heimelaga julepynt å finne, nei! Det gjekk stort sett i diamantar, gullsmykker og spa-produkter. Dessverre ikkje heilt innanfor ein misjonærs budsjett, sjølv om det gjekk til ei god sak...

Nokon må likevel ha handla for innsamlingsresultatet vart langt over forventa (dei hadde håpa på ca 70 000 nkr), så no vert det både barnehage og skule i landsbyen på grensa til Burma.

Slett ikkje verst!

Ingen kommentarer: