
I går var det opning av ny indisk restuarant i byen vår. Midt i sentrum har våre gode vener Deepali og Gaurav opna dørene til ein "fast food feast".
Me kom litt seint opningskvelden (grunna møte i Rayong), men det var stor stemning og mykje mat. Mykje mat og veldig god mat! Kjende meg både litt ulekker og fa
rgelaus blant alle dei flotte sari-kledde damene. Det var nesten som eit bittelite India inne på Saras, og det var vel kanskje meininga?Sjekk web-sida deira her, og stikk innom restauranten i Sukhumvit 20 neste gong du er i Bangkok!











