mandag, mars 08, 2010

Signe 7 år

Hugsar de den tida då me gledde oss sånn til bursdagen vår? Denne eine dagen i året då me var midtpunktet? Når stoppa me å telje dagar til me vart eit år eldre? Rundt midten av tjueåra? Synd, for etter å ha observert Signe dei siste vekene, ser eg jo at det ligg mykje god glede og spenning i å vente, vente på bursdagen.

Sjølve Dagen vart som vanleg starta med sjokoladekake og pakkar på senga (ein tradisjon me har lært av tante Britt og onkel Egil). Etterpå var det ein varm og svett tur til weekendmarkedet, me måtte jo ha premiar og diverse småting til selskapet. På kvelden var pinataen ferdig mala, brus og snop kjøpt inn, og me kunne slappa av i sofaen med mango og sticky rice + "Linus i Svingen" på dvd.

Så var det tid for selskap!! Vanskeleg å vite kor mange som kjem. Men, ved siste opptelling hadde me over 30 ungar rundt omkring, og minst like mange vaksne. Det var ei fint kaos. Men, bursdagsjenta strålte og koste seg! Og då er foreldra fornøgde!

Me hadde lånt inn ekstra hjelp på kjøkkenet + 4 fantastiske voluntører/Hald team til badevakt og assistanse. Så god hjelp! Me booker dei allereie no for neste selskap i juni (ja, Jenny har starta nedtellinga til sin 5 årsdag allereie...)!


Takk til alle som har sendt helsing, pakkar, telefonar etc. Det har vore ei flott helg for Signe 7 år!

5 kommentarer:

Drømmen om en fremtid sa...

Kjære Signe. Det var så kjekt å være i bursdagen din i går. Du var en strålende vert som tok veldig godt vare på dine gjester. Chalom og Thanan storkoste seg.

Heggernes sa...

Gratulerer med dagen i går, Signe! Det ser ut som du hadde en flott bursdag! Vi gleder oss til å treffe deg og resten av familien på MM!

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Gratulerer med overstått bursdag Signe! Gleder oss til å treffe deg igjen.

Hilsen Eirin, Kjartan, Mathea og spesielt Kaja.

Else Karin sa...

Gratulerar me overstått 7-årsdag, Signe!

Anonym sa...

GRATULERA SÅÅ MØJE MÆ VEL ØVESTÅTT BURSDAG:) Jillt å hørra du koste dæg å håba du fekk mangen fine gava. Tenk at dæ he allerede gått ett år si æg feira 6 års dagen din i fantasia, tiå går så fort...

BK