For ungane i slummen er verken aircon eller tur til stranda eit sjølvsagt gode. Det vert lange, og varme dagar under motorvegen heile sommarferien. Ettermiddagsaktivitetane på Hop (Lovsangshjemmet) arrangerte sommarleir til sjøen for ikkje lenge sidan. 3 dagar på tur. Motto for leiren var "Friends to friends", og det var mykje fokus på venskap 0g fellesskap både i undervisning og i aktivitetar. Eit minne for livet!




I kyrkja vår prøvde me i år for fyrste gong å invitere til barneleir. Veldig usikre på kor mange som ville kome, no heilt på tampen av ferien. Men, til vår store glede strøyma ungane inn! Siste dagen var det over 30 ungar frå nabolaget som kom, jungeltelegrafen er supereffektiv! "One creator, one world" var temaet, Gud og skaparverket. Me prøvde oss i tillegg på litt miljøvern-tenking, søppesortering og sånt. I løpet av dagane var det kunst, musikk og dans, blomeplanting, kakepynting og kinokveld. Det var utruleg kjekt!



2 kommentarer:
Hei alle 5 i Fantasia!
Så gøy at dere har hatt barneleir!! Virker som dere har kost dere skikkelig.
Har ikke Jenny bursdag i disse dager? Gratulerer så mye til deg! Skal bli kjekt å treffe dere om ett par uker.
Hilsen 5 heggerneser i Muk
Heisann:)
Så mangen koselige bilde, kjempe jillt så mangen onga kom, dåkke æ GOE!! Men den varmen æ ikkje goe nei, phuuu... Godt dåkke kan kjøla dåkke litt ner inne. Her begynne der m litt godt sommar ver, fantastisk:)
Hels addle, håba alt står godt te m dåkke.
stooore klem ifrå BK
Legg inn en kommentar