fredag, april 27, 2012

Laos



Eg har vore på tur til Laos! Og for fyrste gong fekk eg reise opp i landsbyane. Eg fekk sjå grøftegraving, eg fekk møta smil og takksemd, eg fekk klatra litt i fjellet (opp til vasskjeldene) og eg fekk kjenna på slitne armar som hadde bòre vatn kilometervis dag etter dag, år etter år.

Takka vere eit samarbeid mellom NMS og kyrkja i Laos har mange no fått vatn, levert til brønn midt i landsbyen. No kan dei dyrka grønnsaker rundt husene, og det er tid til veving og anna handarbeid når vatnet kjem rennande inn sjølv. Kvinnene sin arbeidsdag og moglegheit for inntekt er med eitt heilt endra!

NMS misjonær Atle Roger har jobba med desse landsbyutviklingsprosjekta i mest 5 år, og det var inspirerande for ein by-misjonær som meg å få vera med han på jobb.

Laos er det landet i verda som er hardast ramma av miner eller udetonerte eksplosiver. I åra mellom 1964 til 1973 slapp amerikanske bombefly meir enn 2 millioner tonn bomber over Laos. Ein reknar med at over 30 prosent av desse, altså 700 000 tonn, ligg strødd, udetonert, over heile landet og gjer at utvikling av infratruktur og landressurser vert svært vanskeleg (og farleg!).  

Presten som er prosjektleiar for landsbyutviklingsprosjektet fortel korleis det var då han var barn og bombene smalt frå amerikanske bombefly. På turen vår køyrer me forbi det eine krateret etter det andre, nesten 50 år seinare. "Me visste at den tryggaste staden å gøyme seg var i krateret kor den siste bomba smalt, så me heiv oss ned og venta på at det skulle gå over for denne gong". Eg forstår at det er klasebomber han snakkar om, bombene som verda no vil ha forbod mot fordi dei skader så mange sivile i lang tid etterpå.

Så, før ein kan byrje å lede vatn ned mot vassledningar inn til landsbyane må fjellsidene bombe-klarerast, og alle må halde seg til oppmerka stiar. Under ser de bilete av snor-rette grøfter, damer som graver brønn og mennene som støyper vasstank.  


Ingen kommentarer: