søndag, september 07, 2008

Det var ein gong ein sommarferie...

- og den (sommarferien) er dessverre over no...

Me har hatt gode dagar heime i Bangkok og late, solrike dagar i Hua Hin. I tillegg har me hatt frøken Norge på besøk (masse lukke til i Ukraina, Lene! Du vert neste Miss World!), kjøpt oss grill og Jenny har lært å svømme!

Fyrste helga i august kom Besto, onkel Trond, tante Torhild, Kristin og Elin på sin tredje Thailand-tur. Det var absolutt sommarens høgdepunkt! Saman kjørte me langt, og lengre enn langt, til Chiang Mai og Chiang Rai. Etter fem år her i landet var det på tide at me fekk oppleva nord-Thailand! Flott natur, fjell, svingar og regn - nesten som sommar i Noreg med andre ord! Bilete til høgre seier vel det meste, mykje flott som suser forbi i bilvinduet, treng vel ikkje stoppe, vel?

Før jobb-og skulestart reiste Gabriel og mamma`n til Stavanger for å læra meir om NMS. Mammapermisjonen vart brått avslutta i juni og no jobbes det for fullt, iallfall til utpå nyåret.

Alt var ikkje berre jobbing i Noreg, me fekk òg tid til å møta både tanter, onklar, søskenbarn og vener. I tillegg kom ein splitter ny fetter Jonas ut av magen til tante Laila akkurat i rett tid så me fekk helsa på.

Før flyet gjekk attende i Bangkok avslutta me i Oslo med dåpsfeiring for nydelege Mirjam (til Gunn Jorun og Gideon) og eit svært gledeleg gjensyn med familien Hallen. Godt å sjå at våre tidlegare naboar trives i ny norsk kvardag.

søndag, juli 27, 2008

Ei betre framtid...

Onsdag reiste me ein liten tur til nord-aust Thailand, til Isaan. Dei fleste som bur i Isaan er risbønder, men med ein risavling pr år er det svært usikkert kor mykje rismarka gjev av inntekt for familien. Vert avlingen øydelagt grunna for lite regn, noko skjer ofte, er det sikre inntektsgrunnlaget øydelagt for det året. Då må far (og kanskje både søner og døtre) til Bangkok og prøva finna anna arbeid. For dei unge jentene er vegen til go-go barane i storbyen og prostitusjon dessverre altfor kort.

Å betala for vidare skulegong for borna etter 6.klasse er for mange foreldre berre ei ynskjedraum. NMS støtter Immanuelhjemmet, eit internat der det bur 45 born (35 jenter og 10 gutar) som får høve til å gjere ferdig 12 års skulegang.

Me fekk vitje heimane til nong B og nong A, to jenter som bur på internatet. Etter 1 1/2 time på veldig dårleg og smal grusveg (dette var dei som budde nærast fekk me vite...) kom me fram til fyrste landsbyen. Det var barneskulelærarane til nong B og nong A som hadde tipsa Immanuelhjemmet, dei var ein av dei flinkaste elevane og lærarane deira meinte dei burde få ein sjanse til meir skulegang.

Favorittfaget til begge jentene er matte. Nong B drøymer om å verte farmasøyt ein gong i framtida medan nong A vil verte lege. Kvifor? For å hjelpa andre, vel!!!

Vil du lesa meir om Immanuelhjemmet, eller støtte skulegong og ei betre framtid for flotte ungdommar klikk her.

søndag, juli 20, 2008

God sommar!


Om 4 dagar er det ferie! Me gler oss!!!

onsdag, juli 09, 2008

Naboane våre på hjørnet

Me bur vegg-i-vegg på ei lang rekke her i Fantasia. Naboane skiftar stadig ettersom dei fleste er utlendingar som stadig er på flyttefot, både innad i Bangkok og til andre kantar av verda. Familien på hjørnet er derimot ganske stabil. Det er ein ekte thai-familie med bestemødre, tanter, nevøer og nieser "overalt", i tillegg til eit ukjent antal hushjelper. Faktisk så er me ikkje heilt sikre på kven det er som eigentleg høyrer til i huset...

I sist veke rigga dei til med ute-tak, stolar og catering-firma utanfor huset sitt (dvs mesten utanfor vår port òg). Då 3 munkar òg kom etterkvart, måtte me spørje kva dette var for noko. Dette er "boat" fekk me til svar. Alle thai-menn over 20 år bør vera ei tid i tempelet som munk. Kor lenge varierer frå nokre veker til fleire månadar. Enno er det eit krav frå mange foreldre at deira komande svogerson har vore munk iallefall for eit par veker før dei gifter bort dottera si.

Sonen i nabohuset vårt (som me ikkje heilt kan hugse å ha sett før) skulle altså no "vigslast" til munk. Det var ei kjempesvær greie, med masse folk, blomar og mat. På bilete ser de ein av munkane som klipper av dei fyrste hårstråa, eit symbol på at det gamle og ureine vert tatt vekk.

Etterkvart fekk han på seg ei kvit drakt og følget reiste til tempelet for å avlevere gutten. Men ikkje før dagen vart skikkeleg feira med mat, drikke og musikk.

søndag, juni 29, 2008

Skal du på GF?

Generalforsamlinga til NMS er i år "heime" i Bergen. Der er dessverre ikkje me. I sommar skal me vera turistar i Thailand og garantert ha sol i ferien... Men altså, GF 2008, "Guds Draum" startar neste veke i Bergenshallen på Landås. Ingen tvil om at region Bjørgvin har gjort ein kjempejobb med programmet. (trykk her om du vil veta meir om det).

Ein liten bit Thailand vert det òg, sidan evangelisten Sim frå Mukdahan er invitert gjest og opptil fleire av våre misjonærarkollegar er påmelde.

Dersom du no i neste veke er i Bergenshallen, eller i området rundt, og kjem til å få auge på ein flott og fargerik banner med GF-logo, då skal du veta at den òg kjem frå "Smilets land". Vår gode ven, Viroj, har sørga for at over 30 bannerar i ulike fargar er å finna på GF. Me har prøvd å forklara etter beste evne kva som ligg i temaet "Guds draum", om logoen er fisk eller blom, eller begge deler, eller noko heilt anna...

Denne veka vart siste versjon endeleg ferdig, i heile 8 fantastiske fargar. Me er ganske stolte! Kva farge likar du best? Hjå jentene her i familien er den mørke rosa ein klar favoritt...

tirsdag, juni 24, 2008

Midtsommar

Sist veke kom det inn ein e-post med invitasjon til midtsommarfest. Ja, akkurat, me vart invitert til St.Hans-fest i Bangkok! Det var våre finske misjonærkollegar, fam Markkanen, som ville halde på tradisjonen heimefrå og markere at sola snur.

Me hadde grilling og svidde pølser, akkurat som heime. Potetsalat og thousand island, akkurat som heime. Me fekk til og med rullekake med multesyltetøy! Grillmaten vart ete innandørs sidan det var altfor varmt ute, og det var kanskje ikkje akkurat som heime...

Her er små glimt av St Hans i Bangkok:
Merkeleg det der; Gutta samlast alltid rundt grillen...
Dei yngste jentene er fornøgde med pølse og mais. Som de ser; Jenny har pynta seg for feiring!

Kveldens vertinne ved kakebordet. Ekte finske multer og blåbær! Mmmm...

Dei fleste av oss åt sjølvsagt altfor mykje. Kanga måtte legge seg ned å "kvile magen". Kaffeservering er undervegs...

søndag, juni 22, 2008

Ein grøn oase

I dag har me vore på tur! Til "fredens hage", ca ein times køyring heimefrå. Ein nydeleg grøn oase, med vatn, bekkar, bruer og mykje tre og blomar! Fantastisk! Eit katolsk reatreat-senter innimellom rismarkene. Skjønt, det vart ikkje mykje retreat i dag. Kyrkjelyden vår er ikkje av dei mest stillfarne, og lovsongen ljoma godt utover.

Dagen planlagt med masse aktivitetar frå byrjing til slutt, å reisa på tur er noko thaiar likar! Fiskestengene var med og vart raskt sett på plass med ein brødbit som lokkemat. Trur dei satsa på fisk til kvelds.



Me reiste heim utpå ettermiddagen, då var dei godt i gang med både gruppeleiker og bibeltime.

Våre 3 små hadde då fått meir enn nok av å vera på "kjedeleg møte med bare guttar å leike med".
I tillegg hadde Gabriel vandra frå fang til fang sidan tidleg morgon, og var klar for å få returnera til mamma og melkelukt.




søndag, juni 15, 2008

Endeleg bursdag!

Vår vesle Tingeling hadde venta lenge, lenge på bursdagen sin. Kvelden før Dagen var det umogleg å sovne, og etter mykje nattevandring vart det endeleg morgon! Sjokoladekake med lys på senga (tradisjon me har kopiert frå Even og Ida) og pakkar gav ein skikkeleg sukker-kick-start på dagen!

Heile Nursery-klassen var invitert, i tillegg til andre små vener, på Gymboree-feiring. Jenny storkoste seg og fekk springa og herja så mykje ho berre orka. Perfekt!

Bursdagskaka var lilla, akkurat slik ho skulle vera, og smakte fortreffeleg!

No, mest ei veke seinare, synes Jenny det er på tide å starta planleggjinga av 4-årsdagen. Ho gler seg sjølvsagt masse, masse allereie!

tirsdag, juni 10, 2008

Arne og damene

Barnehagar og aktivitetssenter for små barn er stort sett bemanna av damer. Lovsangshjemmet (Home of Praise) er intet unntak. Det mannlege innslaget er Arne. No tenkjer kanskje nokon av dykk "Stakkars, Arne", men det er det ingen grunn til! Etter som kona hans forstår har Arne det som plommen i egget, og trives veldig bra med damene på jobben.


No før sommarferien tek til har både studentar og Hald team reist heim. Snart reiser òg langtidsvoluntøren Hilde og "eittåring" Anne.

I går var dei to sistnevnte på besøk hjå oss i Fantasia, og det var ein særdeles hyggjeleg kveld!

lørdag, juni 07, 2008

Støtt Burma - kjøp ei t-skjorte!


I dag kom dei første forsendingane med naudhjelp fram til Burma i den NMS-støtta aksjonen. Du kan gi di gåve til konto 8220 02 85030, merk med 643 484. Eller kjøp ei gul aksjonsskjorte for 100 kr ved å ringa 51 51 61 00. På bilete til venstre ser de ei veldig gul Anne Brit på veg til kontoret i si nye t-skjorte. Vil du vere like "fashion" så løp og kjøp!

Så langt er det komme inn cirka 80 000 kroner i innsamlingsaksjonen til syklonofre i Burma. I tillegg har Det Norske Misjonsselskap gjort ei ekstraordinær løyving på 25 000 USD til aksjonen. Mottakarapparet er organisert av Lutheran Church of Myanmar. Dei første forsyningane kom fram til det aktuelle området i Burma denne veka. Midlane frå NMS vil gå til å forsyna 200 familiar med mat, klede og andre basisartiklar i løpet av ein to månaders periode.


Ein måned etter at syklonen Nargis ramma Burma, har berre halvparten av dei overlevande fått hjelp, ifølgje vl.no. Det betyr at 1 million menneske framleis ikkje har fått grunnleggjande hjelp.
Det har likevel skjedd ei tydeleg forbetring i hjelpearbeidet etter den internasjonale givarkonferansen i Rangoon for halvanna veke sidan. Forsyningar og hjelpearbeidarar kjem nå fram i stadig større grad. Kring 78 000 menneske drepne og 56 000 er sakna i syklonen.

lørdag, mai 31, 2008

Sommerskole på Lovsangshjemmet

I mars, april og mai er det på det varmeste i Thailand, og som i Norge er det sommerferie på skolene når det er varmest i været. Når sommerferien på skolene varer i nesten tre måneder, og foreldrenes ferie bare er på 12 dager sier det seg selv at det blir mange barn som har lange dager alene hjemme.

Vi på Lovsangshjemmet har de siste årene hatt sommerskole på senteret. Når barnehagen stenger for sommeren utvider vi åpningstidene på aktivitetssenteret til 1200-1700. I år var vi ekstra heldige som hadde både voluntører, Haldteam + fire studenter fra høyskolen i Sør-Trøndelag til å hjelpe oss. Totalt var vi hele 11 voksne på Lovsangshjemmet! Det gjorde at vi kunne gi barna et svært godt og variert tilbud. I de ukene vi hadde åpent var det jevnt over ca 30 barn innom hver dag! Under ser dere noen bilder av flotte unger på Lovsangshjemmets sommerskole 2008:

mandag, mai 26, 2008

Dåp og konfirmasjon


Mai er konfirmasjonstid, og for nokre månadar sidan fekk me invitasjon frå Hilde og Kristin om konfirmasjonsfest på Hamre. Billettprisane heim til Bergen var i høgsesong, og det var med tungt hjarta me måtte takk nei til denne store familiedagen.

Då var det ekstra kjekt å få vera med å feira Kari med konfirmasjon-overhøyring og fest. Kari er eldst av misjonærbarna, og eit flott forbilde! Særleg Signe er veldig glad i Kari, og heng som eit klistermerke på henne så fort dei møtes. Konfirmasjonsfesten var intet unntak, og stor var gleda då Kari t.o.m. var med å leika i bassenget! Lukke til med konfirmasjonsgudstenesta di på Vats i sommar, Kari!


Dagen etter var det barnedåp i kyrkja vår. Det er langt mellom kvar dåp i Santithum, og enno lengre mellom barnedåpane. Faktisk kan me ikkje hugse det har vore barnedåp så lenge me har vore her, så dette var ein stor dag!
Våre vener Songkran og May hadde venta lenge på veslejenta si, og takka Gud for bønesvaret. Jenta deira fekk difor kallenamnet Sign (teikn). Storesøster Sand var dåpsmedhjelpar då Gabriel vart døypt og hadde gleidd seg til det var deira tur.

Som de ser på bilete er nong Sign ei nydeleg lita jente! Og har ein flott familie som betyr mykje for oss.

Om kvelden, før ho sovna, bad Jenny til Gud for nong Sign. Me foreldre vart heilt rørt over vår omsorgsfulle 2-åring. Til slutt vart Jesus takka for at nong Sign ikkje skreik då ho vart døypt, slik Gabriel hadde gjort...

mandag, mai 19, 2008

Det var 17.mai i Bangkok òg!

Den norske nasjonaldagen vart skikkeleg feira i år òg. I steikande varme og sol, desverre vart feiringa på ambassadebustaden avslutta med pøsande regnvær (ikkje den store krisa, sidan me allereie var klissblaute av sveitte).

Her kjem nokre bilete frå feiringa:
Medan me enno var relativt fine og reine...

17.mai tog - Hurra! Hurra!

Jenny klar for potetløp. Alvorlige ting...
Usedvanleg mange små og søte misjonærbarn i år.

lørdag, mai 17, 2008

Norway! Norway! God dag!


I Jenny sin klasse er heile 7 nasjonar representert, og dette semesteret har dei som tema: "Who am I?". (Kanskje eit interessant tema for nokre kva av oss, men nok om det). Denne veka har Jenny og Noreg vore i fokus. Vanskeleg å seie kor mykje 3-åringar forstår av det heile, og for Jenny som berre har vage minner frå i fjor sommar er det heller ikkje lett å forklare kva Noreg er.

Torsdag kom eg til skulen, tungt lasta med diverse effekter: Flagg, trommer, trompet, CD med korpsmusikk, fugle - og elgebamsar, vaffelrøre og vaffeljern, reklamebrosjyrer frå ambassaden og norsk lakris. Her er Noreg!
Eg vart møtt av 15 born, som vifta med sjølvlaga norske flagg og "God dag, miss Anne". Fantastisk! Jenny fekk absolutt sin dag "i sola", sjølv om 17.mai-toget vart fullstendig kaos, og lakrisen vart spytta ut. For vafler var kjempegodt, leike med is (som dei kan gjere i Noreg) var kjempegøy og "snømennene" vart kjempefine.

Av og til er det ganske eksotisk å vera norsk i Thailand!

mandag, mai 12, 2008

Jippi!!! Me vann!!!

I år feira me 1.pinsedag med sport! Så fort kykjelunsjen var rydda vekk, heiv folket på seg shorts og joggesko og avgarde til idrettsplassen. Kyrkjelyden vår, Santithum, hadde utfordra nabokyrkja Samrong til sportsduell. Signe og Jenny var ivrige "cheerleaders" med dertil egna påkledning og utstyr. Det vart kjempa i alt 6 kampar; thai-fotball, tautrekking, håndball, fotball basketball og stafett. Ikkje verst i 35 grader!

Dessverre ville ikkje minnekortet i kameraet vårt samarbeida, slik at alle bilete av imponerande prestasjonar og ivrig heiagjeng forsvann ut i intet...

Etter eit par timar var Gabriel ganske klar for heimveg, men Signe ville venta på resultatet; Tenk om laget hennar vann den store lilla pokalen og ho ikkje var der!? Utruleg nok; Santithum vann (med 1 poeng!) og me kunne motta både pokal og heider og ære. Jentene våre var kjempestolte! Arne påstår han har pådratt seg idrettskade etterpå, og kan syna til store blåmerker på kroppen. Vel kjempa!

fredag, mai 09, 2008

Oss priviligerte mødre

Endeleg fekk Anne og eg rydda plass i kalenderen til vårt etterlengta barseltreff. Ein tur på kafè med våre små hadde me snakka om sidan magane vokste, og no byrja det å hasta litt. Om ikkje lenge er nok både Gabriel og Thanan meir mobile, og krabbande fahrang-babyar mellom borda innbyr ikkje til ein roleg prat over kaffekoppen (kanskje meir som kjekk underhaldning for dei andre gjestene).
Innimellom amming og byssing, kaffe og muffins, fekk me prata om mangt og mykje. Permisjonstid vs jobb, søskensjalusi og barnehagar, alt vart debattert medan me til stadigheit sukka over kor godt me hadde det, og kor heldige me er som er mamma'er til flotte ungar! Ein caffe lattè gjer dessutan susen for søvnmangel etter tallause våkennetter! Sikkert ikkje så ulikt barseltreffa heime i Noreg. Ser fram til neste treff, Anne! Kanskje då i Khao San - gata?

Her i Thailand er det dei heldige som får 3 månadars mammapermisjon frå jobb. Etter det må dei aller fleste arbeidane mødre her i Bangkok sende babyen sin til besteforeldre på landet, skjule tårene og ut på jobb! Mange får ikkje høve til å treffa barnet sitt meir enn ein gong i året, og då er sjølvsagt både mamma og pappa framande og nifse for eit lite barn.

Les på internett at diskusjonen om mamma eller pappapermisjon går for fullt heime i Noreg. Uansett fordeling på veker etc, me er verkeleg heldige som foreldre i Noreg! Me får mykje tid med barna våre, me får sjå dei veksa opp og vera ein del av kvardagen deira, gje barna våre det beste av helse og skuletilbod, - me har mykje å vera takksame for!

Beste helsing
Anne Brit - ei priviligert norsk mamma i Thailand!

lørdag, mai 03, 2008

Ein bitteliten observatør på Generalforsamlinga

Generalforsamlinga i ELCT var i år utanfor Bangkok, i Nakhon Ratchasima (Korat) fylke, ca 3 timars køyring frå hovudstaden. Sidan mamma`n til Gabriel er kasserar for den Lutherske misjonen fekk me vera med som observatørar på det tre dagar lange møte.

Fjorårets GA var eit møte der dei sterke kjenslene kom fram, og kyrkja tok eit oppgjer med den ukulturen som hadde sneket seg inn. Årets samling var stille og fredeleg (med unntak av når Gabriel vart svolten), alle såg ut til å vera letta over at den verste "stormen" er over.

224 nye kristne vart døypte inn i kyrkja i 2007 og det totale medlemstalet i ELCT er no over 3000. Elles var det underskot i rekenskapen og mykje reknefeil i budsjetta - alt som før, med andre ord!

Pausane er kanskje dei viktigaste, det er der kjennskap vert knytta og spørsmål får svar. Det er vanskeleg å konsentrera seg i varme, sol og div eddarkoppar rundt omkring. På bilete ser de Gabriel i ivrig samtale med leiaren for prosti 4, samt utsendingen frå Immanuel menighet (og leiar for barne-og ungdomsarbeidet, CED) m.a.

Lovsangen fekk mykje tid, og det var ei fin oppleving å få vera med på. Det er mange gode musikarar blant presteskapet i kyrkja vår! Generalforsamlinga vart avslutta med nattverdsgudsteneste før alle reiste heim kvar til sitt.


Enno, 3 dagar etterpå, kviler Gabriel ut etter strevsome dagar som bitteliten observatør frå misjonen.