søndag, mars 08, 2009

Heftig festing i helga

Jenta vår Signe har hatt bursdag. 6 år er absolutt verd ei markering, og det har me hatt - til gangs!

Fredag var NMS-folket invitert til kake og kaffi. Det vart nesten voksenselskap, for det er ikkje mange misjonærbarn i Bangkok for tida. På bilete til venstre ser de Signe saman med Chalom, som var ein av VIP-gjestene.

I går var den store bursdagsfesten. Heile klassen var invitert + litt andre vener. Når ein inviterer til fest i Thailand er det umogleg å veta kor mange som kjem, ein må bare ta utgangspunkt i at det alltid kjem fleire enn kva ein trur (og som strengt tatt er invitert). Det var fest, latter, høg musikk og mat i 4 timar. Og rydding og vasking for foreldra i minst like mange timar etterpå...

Etter ynskje frå Signe hadde Arne hadde laga pinata til festen. Dessverre var det ein veldig solid pinata, som iallefall ikkje bursdagsgjestene fekk slått hol på. Då heller ikkje ei slagkraftig mamma-gjest fekk til så mykje som eit lite merke i papp'en, måtte kniven fram. Så veit me det til neste år; ca 15 lag mindre avispapir er meir enn nok!

Masse snop gjorde at både Signe og Jenny levde på sukker-kick til langt utpå kvelden... Bilete under syner kloven Satino saman med bursdagsbarnet og mange av gjestene. Sidan det var komplett umogleg å få samla alle, stadig nokon som fresa rundt etter mat og snop, vart dette bilete det beste me fekk til.
Òg i kyrkja vart bursdagen markert. Sang og bøn for jenta vår under kunngjøringane + blåse ut lys på kaka.

No, seint søndag kveld, er bursdagsbarnet vel i seng og me foreldre skal ha ein bit kake og slenge beina på bordet. Det har me verkeleg fortent!

mandag, mars 02, 2009

Filmpremiere til sommaren!

Me har ein heilt ekte proff film-lagar/fotograf blant kollegane våre dette året. Mads frå Trøndelag er svært opptatt i desse dagar: Alle misjonærane vil ha infofilm om sin arbeidsstad, og helst ferdig redigert til sommaren. For då skal me til Noreg og besøkje Thailandvener!

No etter jul har Mads vore nede i slummen og filma på Lovsangshjemmet. Arbeidet der er ein del av prosjektet "Barn og utdanning i Thailand", som me veit mange av dykk støtter.
Så, kjære vener i Bergen, Osterøy og Forsand: I sommar vert det filmpremiere! Gled dykk!

onsdag, februar 25, 2009

Vinterferie

Sist veke var det "midterm break" på skulane til jentene, og i god norsk tradisjon kallar me denne friveka i februar for - vinterferie! Og i vinterferien skal ein jo leike i snøen, sjølv om ein bur i Bangkok med 30+ grader. Like utanfor Bangkok ligg parken med det velklingande namnet "Dream World". Sånne parkar står normalt ikkje øverst på lista vår ein fridag, men no hadde me lova Signe lenge at ho skulle få ein tur dit. For i Dream World har dei nemleg "Snow Town". Signe og Jenny skulle leike i snøen for fyrste gong i sitt liv! Diverse vintereffekter (vottar, skjerf, lue) var innkjøpt - sjølvsagt rosa - og spenninga var stor i bilen på veg utover.

Vel inne på omkledningsrommet, før "frysedørene" vart opna, nekta Jenny å ta på genser og lue, det er så vaaaaarmt.... Mamma prøvde å vera tålmodig, men korleis forklara ein 3-åring kor kaldt eigentleg 4 grader er, når me her i juletider frøys med rundt 22?
Vel inne kom både genser og vottar raskt på, og Signe forsvann innover mellom pingvinar, mammutar og julenissen. Dette var gøy! Etter ganske nøyaktig 5 minutt sklei Jenny i snøen, vart blaut på votten, kald i fjeset og ville ut! Fort!

Så, vårt norske vinteralibi vart Signe som storkoste seg i snøbakken, og var rød og kald i kinna når ho kom ut. Akkurat slik det skal vera i ein vinterferie!

søndag, februar 15, 2009

Når det vert endringar i vèret...

Ikkje før me har lova betre tider med oppdatering på bloggen, vert det stille i vekesvis...

Grunnen er ganske enkel den at fleire i familien, og då særleg mamma'n, har vore ganske så forkjøla og skrantane helse... Me har hosta om kapp, natt og dag, og når kroppstemperaturen i tillegg stig opp mot 40-talet har ikkje humøret vore på topp verken hjå store eller små.

"Endringar i vèret", seier thaiane, "alle er sjuke no". Ehh... Me ser jo at det er mange med hoste og snørr for tida, men har vèret endra seg??? Ikkje vore ein regnsdråpe på månadar, sol er det kvar dag og varmt likeså... Uansett, det er slik det skal vera no for tida, altså. Imunforsvaret vårt er altså heilt rett innstilt til lokale forhold!

På bilete ser de bloggredaktøren i gang med hostesaft. Legen sende med ein heil pose med medisiner, alt smakar like dårleg. Hostesaft med lakrissmak er berre eit vagt barndomsminne...

onsdag, januar 14, 2009

Barnas dag

Godt nytt år, kjære blogglesar! Har etterkvart fått mange kommentarar grunna manglande oppfølging her på bloggen. Redaksjonen ser seg svært lei for denne elendige starten på eit nytt år. Grunnen er ganske enkel at vår tidlegare omtalte 1-åring ikkje lenger vil sove om natta, og heller ikkje lar foreldrene få sin skjønnhetssøvn... Lite kreativitet og lite nytt å fortelje når søvnmangelen vert for stor. Men, alle med foreldre-erfaring seier at dette går over, og at me om nokre år vil sjå attende på denne tida med stor glede...

Søvn eller ikkje, barnas dag har iallfall gått av stabelen. 2.laurdag i janaur er barna i fokus her i Thailand: Kjøpesenter og skular har haugevis av aktivitetar og leiker, ja òg barneheimar får litt ekstra merksemd av både myndigheiter og foretningsliv på ein slik dag. Alle skal ha det gøy med "geim og khanom" (leiker og snop).





Våre 3 koste seg i bursdagsselskap, med nettopp massevis av leiker og snop. Då me køyrde heim att seint den kvelden var det med 1 stk overtrøtt Gabriel, Jenny med nye sølvsko og ei lukkeleg Signe med 500 rosa jordbærkjeks på fanget, det var premien i pakkelotteriet...

tirsdag, desember 30, 2008

Gabriel er 1 år!

Godgutten vår har bursdag i dag. Takk for eit flott år, Gabriel!

mandag, desember 29, 2008

Vår advents- og juletid

Ja, det har vore både advent og jul i Bangkok òg... For vår del har det berre gått veldig fort unna, og plutseleg var det nesten nyttår!
Me tar det kronologisk og byrjar med det fyrste:
Lucia-feiring i Fantasia. Det har no vorte ein tradisjon at jentene våre går Lucia i nabolaget 13.desember. Saknet av Line (Hallen) var stort i år, sidan Signe brått vart ansvarleg for det meste av synginga, noko som kan Lucia-sangen på engelsk? Amanda frå Finland vart med i år, som i fjor. Nye av året var Pearle og Ploy, men sidan heller ikkje dei kan eit ord norsk, tok me med dvd-spelaren i bakgrunnen. Små, kvitkledde Luciaèr med lys og småkaker er uansett en suksess, og ingen svidde klede eller hårtustar i år heller, heldigvis.
Veka etter fekk me reisa på juleverkstad i Mukdahan. Heile familien storkoste seg, og fekk verkeleg utfordringar i fleng med julepyntlaging. Fletta hjertekorger er framleis eit stort mysterium. På gruppa vår var fam Heggernes som må seiast kanskje streva like mykje som oss. Men frykteleg gøy var det! Til slutt fekk jentene våre vera med på julespel, "Når nettene er lange", som bilete syner; Mykje moro det òg! Takk Kari, Kine og Ann for ein julevarm kveld!

Kyrkjelyden vår kom og sang jula inn kl 2 ei fredagsnatt, rett etterpå kom ungdomsgruppa og åt opp resten av mat, snacks og brus. Ingen jul utan "We wish you a merry Christmas" skrålande ute i porten. Julefeiringa i kyrkja er ei rar blanding av gudsteneste, juletrefest og juleshow. For thaiane er det dette som er jul, 24. - 25.desemeber er vanlege arbeidsdagar for dei fleste. Over her ser de innslaget frå borna. Mannsgruppa hadde eit laaaangt dramstykke om det meste frå julefortellinga, inkludert både Herodes og ein haug med englar (!).
Julekvelden vår var koseleg, varm, kaotisk og livlig. Akkurat slik det skal vera når 5 born under 6 år skal vente på pakkar, ete rar mat, gå rundt juletreet og opne pakkar. Det vart barnas kveld. Eittåringane våre; Mari, Mads og Ragnhild + Haldstudent Else var med og gjorde kvelden ekstra fin for både born og oss vaksne. At Mads handvispa ein liter fløyte til riskrem og waldorfsalat fortener å nemnast, bra jobba! Mari har i grunnen oppsummert julekvelden på sin blogg, sjekk den ut her.

Men, det er jo framleis jul! Me et kakemenner og snop enno, no i Hua Hin. Avsluttar for denne gong med ein varm TAKK til alle de som har sendt julekort, e-post, sjokolade og pakkar. Det har gleda oss stort!

lørdag, desember 13, 2008

Santithum kyrkje på tur!

Sist helg var det tid for den årlege kyrkjeleiren, over 60 stk drog frå Bangkok tidleg fredag morgon ut til kysten sør for Hua Hin. Familien vår hang med så godt me kunne, både store og små. Her er vår rapport:
Leir er rosa! Med myggar store som fuglar måtte myggnettingen opp. Heilt greit for jentene!

Leir er arbeid! 3 timars workshop måtte både planleggjast og gjennomførast. Misjonærkollega Jyrki var med i teamet.

Leir gjev nye vener! Her er Signe og phi Føy

Leir er konkurranse og leik. Dette er, desverre for Arne, ikkje vinnarlaget.

Leir er moro! Sånn skal ein sjå ut etter fullført rebusløp!

Leir er kvile! Nydeleg natur, kjølig temperatur og frisk havbris, godt for oss byfolk!

Leir er fellesskap med Gud og kristne søsken! Søndagsgudstenesta var ei stor oppleving for oss alle. 6 stk tok imot dåp, ein familie på 4 og to ungdomar.
"No er Jesus og englane glade", sa Signe.

mandag, desember 08, 2008

Bryllupsglede

At thaiane er rause med smil er noko alle veit. Me kan fortella at her i landet er dei òg rause med invitasjonane til bryllup! Denne gongen var me godt kjende med både brud og brudgom, noko som har vore heller unntaket i våre bryllupsvandringar...
Cherry og Pae er flotte ungdomar frå kyrkja vår, og me hadde gledd oss til denne dagen lenge. Heilt sidan i vår då Cherry spurde om Signe og Jenny kunne vera rose-jenter i bryllupet. Som erfaren bryllupsgjest visste Signe godt kva det innebar: Fin kjole, pynt i håret og nye sko. Selvfølgeleg ville jentene det!!! Gabriel skulle vera brudesvenn, men ombestemte seg i siste liten og snudde seg for å gå ut heller...

Det var eit lukkeleg brudepar, stolte foreldre, masse gjester og søte brudepiker. Akkurat slik det skal vera!

Me klarte til og med å få våre 3 små til å sitje i ro på kyrkjetrappa i akkurat 30 sekund, slik at me fekk eit bilete (takk til deg, Silje!).

tirsdag, desember 02, 2008

Eit smil frå himmelen

I går kveld fekk me sjå eit fantastisk syn på himmelen: Jupiter, Venus og månen lyste på himmelen og gav oss ei nydeleg smil. Som ein kollega i kyrkja sa: "Det var som ei helsing frå Gud midt i ei vanskeleg tid".

Ganske flott, ikkje sant?

mandag, desember 01, 2008

Kva skjer i Thailand???

Ja, me får mange telefonar, sms og e-post i desse dagar med det spørsmålet; "Alt vel i Bangkok? Kva skjer? Det høyres litt skummelt ut..?".

Takk til alle som tenkjer på oss og ber for misjonærane og Thailand no! Me har det bra! Livet vårt går stort sett som normalt. Det einaste er at me tenkjer oss om ein ekstra gong kor me går i byen, og held oss unna sentrum. Me bur ikkje så veldig langt unna Suvarnabhumi flyplass, og sidan i går har me fått ekstra forsterking i vakthaldet i porten, sånn for å vera på den sikre sida.

Demonstrasjonar, gule og røde t-skjorter, demokrati eller ikkje er samtaleemnene overalt. Mange er redde for rykte til Thailand som eit "smilets land". Det spekuleres vilt i ulike teoriar, men dei fleste (inkl avisene) vedgår at dei rett og slett ikkje forstår heilt kva som skjer, og ikkje aner kva utfallet vil verta.

Me vonar og ber om at det vert ei fredeleg løysing.

onsdag, november 19, 2008

Ei splitter ny kyrkje

Sist søndag var det vigsling av ny kyrkje. Det er ikkje kvardagskost i ELCT, og invitasjonar var sendt ut til dei fleste. Tomtene i storbyen Bangkok vert ikkje selde på billigsal, slik at ei kyrkjetomt innanfor eit rimeleg budsjett må ein dessverre finna litt utanfor sentrum. Vegen var både kronglete og smal (slik seg hør og bør!) før me kom fram til nye Ruampraporn/Blessing Church. Eit flott bygg var det, med klokketårn og greier.

Før kollekt-posane vart sendt rundt fortale evangelisten historia om pengesetlane som snakka saman om kva dei fekk oppleva. 1000 baht setelen fekk sjå seg rundt på dei dyre kjøpesentra, 100 baht setelen var ofte på Lotus og andre marknader, medan den grøne 20 baht pengen var den einaste som vitja kyrkja. Me vart sterkt oppmoda om å introdusera 1000 baht til kyrkjelivet...

Trass i at vinteren nærmar seg vart det ein varm og svett gudsteneste. 3 timar utan aircon (ikkje pengar til slik luksus enno) kan verte i meste laget for dei fleste av oss. Prestane i fullt presteutstyr var kanskje dei som sleit mest: "Eg er nok ferdig kokt no", var svaret eg fekk frå han eine då eg spurde om han var veldig varm. Litt svette tåler me på ein festdag som denne!

fredag, november 14, 2008

Loy Krathongfeiring i Thailand

Feiringa av Thailands store festdag, Loy Krathong, vart i år noko redusert grunna ein nært foreståande kongeleg gravferd. Prinsesse Galyani, kongen si søster, skal kremerast i helga og det er erklært 3 dagars landesorg der alle bør kle seg i sømeleg svart.

skulen hadde dei ei lita markering med borna, alle fekk lage kvar sin krathong (blome-oppstats) og satte den ut i bassenget. Etterpå laga dei enno ein ny saman med Phi Noy, og dei vart så fine at Signe vil spare sin til neste år. Er redd bananblada vert ganske så visne før den tid.


Gabriel og mamma var i Mukdahan, i nord-aust Thailand. Der tusla me ut då det vart mørkt, kjøpte oss ein krathong og sende den nedover Mekongelva (kanskje den enda i Laos?).