
Dagen før me måtte ta avskjed hadde ville jentene ta masse bilete, så då gjorde me det! Gabriel var linselus og hang med.

Dagen før me måtte ta avskjed hadde ville jentene ta masse bilete, så då gjorde me det! Gabriel var linselus og hang med.
Endeleg var det "Happy Birthday" for Jenny og ho kunne få feira bursdag!4 år er ein fin ting å feira, syntes både Jenny og me vaksne. Så, me starta like godt feiringa allereie i sist veke.
18 ungar samla på Gymboree til leik og moro, mat og kake.
Bursdagsbarnet sjølv stilte i ny rosa prinsessekjole
og strålte gjennom heile feiringa. Dessverre var prinsessa lite villig til å stille opp til fotografering.
Til høgre ser de vårt beste forsøk på eit gruppefoto.
Sjølv
e Dagen i dag starta grytidleg med sang, lys, pakkar og coco-crunch på senga til jubilanten. Lillebror ordna villig med frokost medan Jenny streva litt med å vakne.
Etter frokostbesøk med enno meir bursdagssang (og kake!) kunne Jenny 4 år ta plass i skulebussen. Med i sekken hadde ho bøker som nett var pakka opp, og som sjølvsagt måtte synast fram for læraren. Men, aller gjevast var nok CD-spelaren. "No kan eg spela musikk på rommet mitt heilt sjøl".
Takk til alle de som har sendt gratulasjonar via telefon, sms og mail. Dei har, kvar og ein, gleda bursdagsbarnet stort!
LO er for tida "i vinden" i kyrkja vår, ELCT. Ikkje Landsorganisasjonen og fagforeiningar altså, men leiarutvikling og organisasjonsbygging. Eg er LO-misjonær og jobber med den 3. B'en til NMS (Budskap, Bistand og Bygging). I
desse dagar arbeider me for fullt for å få ferdig ein aktivitetsplan for dei neste to åra. Fokus vert på lokal-kyrkjene, lekfolk og ungdom. Torsdag fekk eg presentera planen for medarbeidarane i ELCT og responsen var mykje større enn forventa. Eg vart rett og slett litt overraska over alle kommentarane og spørsmåla. Så, no gjeld det å smi mens jernet er varmt, og halda kontakten med kyrkjelydane framover.
Bileta her er henta frå seminaret LO-misjonærane (Tore Heggernes og eg) hadde for diakoniavdelingen for eit par veker sidan. Temaet der var rapportering; Kva, kvifor, korleis. Veldig kjekt.
Men etterarbeidet etter slike seminar er ikkje så gøy... Mange rapportar som skal lesast og rettast. For den som måtte lure: Ja, thai er vanskeleg! Og særleg når deltakarane er så ivrige at dei leverer side etter side med tettskrive presentasjon av prosjektet sitt. Som bileta syner jobba dei hardt med gruppeoppgåvene.
På måndag opnar skulane att, den to månadar lange sommarferien er over og eit nytt skuleår tar til. Butikkane er fulle av uniformar, sko, skulesekkar og tilbod som skal friste elevar og foreldre før klasserommet inntas.
får lov å besøkje mamma og pappa i Bangkok nokre dagar i ferien. Det er elles i året ikkje ofte det skjer.
Immanuel kyrkje har hatt sommaråpent på Lovsangshjemmet, med utvida tilbod på dagtid. Mellom 35 -40 ungar har vore innom 3 dagar i veka. Sommarvarme (37 ++) til tross, ungane koste seg. Det gjorde forsåvidt ein ganske så svett Arne òg.
(les meir om dette her) hadde evangelist Elle barneleir for ungane i nabolaget. Eg stakk innom ein dag og had
de engelskundervisning. Ca 15 ungar som gjerne ville læra "fahrang-språk", men som enno ikkje kunne anna enn thai bokstavar.
Så, me laga vafler og serverte nysteikte hjerter til biskopen og andre i kyrkja. Det var gøy det òg!
Etter 6 år med bilkøyring i Bangkok hadde eg i går mitt fyrste krasj. På veg til jobb og morgonmøte med kollega Tore, med nyinnkjøpt kaffe mocca i bilen, svingte eg inn i gata til kontoret. Det vil seie; Eg prøvde å svinge, men fekk brått ein heil motorsykkel m/sjåfør inn i bakskjermen.




Me er langt unna uroen i Bangkok sentrum og feirer sommaren i Hua Hin. Som de kan sjå av bilete er me alle 5 korrekt antrukket i sommar-uniformen.
Mukdahan har dei siste åra vorte ein kjent by i Thailand blant misjonsvener i Noreg. I samband med generalforsamlinga i ELCT (Evangelical Lutheran Church in Thailand) vart eit praktbygg av ei kyrkje vigsla med stor høgtid. 


LMT-barna", nærare 30 stk, reiste til Safari World og såg på sjiraffar og løver, medan me vaksne las rapportar og drakk kaffe. Perfekt! Alle koste seg, og ungane var passe utslitt til kvelden. Noko som passa bra sidan dei måtte tidleg i seng, me foreldre skulle nemleg på middagscruise nedover Chao Praya-elva. Nydeleg mat, hyggjelege finske kollegar og fantastisk utsikt over elva som renn gjennom Bangkok. Flotte bilete, eller? (litt stolt over mine små foto-eksperiment...).
Vår japanske kollega, Naoki, reiser heim til Japan no etter 7 år i Thailand. Behovet for prestar er stort i den japanske kyrkja, og dei har difor kalla han heim til ein kyrkjelyd i Osaka. Etter lunsjen vart det avskjedstale og bøn for ein kjær kollega. Me var naboar og språkstudentar saman med Naoki og kona Hiroko den fyrste tida vår i Thailand. Etter det har me jobba saman i LMT i fleire år. Det er veldig vemodig og trist at dei no reiser, og det har gått opp for oss at me snart er for misjonær-veteranar å rekne...
Jenta vår Signe har hatt bursdag. 6 år er absolutt verd ei markering, og det har me hatt - til gangs!
Fredag var NMS-folket invitert til kake og kaffi. Det vart nesten voksenselskap, for det er ikkje mange misjonærbarn i Bangkok for tida. På bilete til venstre ser de Signe saman med Chalom, som var ein av VIP-gjestene.
I går var den store bursdagsfesten. Heile klassen var invitert + litt andre vener. Når ein inviterer til fest i Thailand er det umogleg å veta kor mange som kjem, ein må bare ta utgangspunkt i at det alltid kjem fleire enn kva ein trur (og som strengt tatt er invitert). Det var fest, latter, høg musikk og mat i 4 timar. Og rydding og vasking for foreldra i minst like mange timar etterpå...
Etter ynskje frå Signe hadde Arne hadde laga pinata til festen.
Dessverre var det ein veldig solid pinata, som iallefall ikkje bursdagsgjestene fekk slått hol på.
Då heller ikkje ei slagkraftig mamma-gjest fekk til så mykje som eit lite merke i papp'en, måtte kniven fram.
Så veit me det til neste år; ca 15 lag mindre avispapir er meir enn nok!
Òg i kyrkja vart bursdagen markert. Sang og bøn for jenta vår under kunngjøringane + blåse ut lys på kaka.
Me har ein heilt ekte proff film-lagar/fotograf blant kollegane våre dette året. Mads frå Trøndelag er svært opptatt i desse dagar: Alle misjonærane vil ha infofilm om sin arbeidsstad, og helst ferdig redigert til sommaren. For då skal me til Noreg og besøkje Thailandvener!
No etter jul har Mads vore nede i slummen og filma på Lovsangshjemmet. Arbeidet der er ein del av prosjektet "Barn og utdanning i Thailand", som me veit mange av dykk støtter.
Så, kjære vener i Bergen, Osterøy og Forsand: I sommar vert det filmpremiere! Gled dykk!