tirsdag, november 22, 2005



Santikham Villa

Ein liten presentasjon av heimen vår. Me bur i #8 i Santikham Villa som ligg rett utanfor bygrensa, søraust for Bangkok. Det er eit bittelite bustadområde med berre 10 hus, lite fellesområde og svømmebasseng. Meelong (mor long) og Phoodam (far dam) passar på i porten og ordnar elles det meste på området. Huset vår ligg i enden av husrekka og her har me ein liten hageflekk og uteplass med tak, når sola vert for sterk. Signe og Jenny har fått seg dissestativ, som er til stor glede for dei og nabo-ungar som stikk innom. I nabolaget har me m.a. gode NMS-naboar og elles ein god blanding av thaiar og andre "fahrangar" (utlendingar). Svømmebassenget vert ikkje så flittig brukt no, når det går mot vinter, men er fantastisk både for store og små på varme dagar.

Me nyt dagane her og kjenner oss heldige som får bu så landleg i ein storby som Bangkok!

3 kommentarer:

Maria og Espen Tveten sa...

Dette var jo virkelig en fin blogg. Velkommen i bloggerfamilien. I tillegg er det goy med disse kommentarene. Men jeg savner et bilde av familien.

Espen

Anonym sa...

Kjære HusHatar!

Gralla med blogg! Eg tykkjer sida dykkar er fin og nett
og at ho kan brukast, rett og slett!

Det einaste eg seia mo
fam. HusHat bilde har fått no.

Så kjære Espen Tvetesen
og fru som er på fetesen
Eg vonar de no teier stilt
og heller smiler blidt og mildt.

Anonym sa...

Hallo!!

no gler me oss kjempe mykje til å komme på besøk til deko i mars!! Det var ein kjempe fin side dere hadde! Så kjekt å sjå bilete av Signe og Jenny! Me har ikkje fått postadr. deres enda. Den skulle me gjerne hatt no i juletide......

Mange klemmer frå Kristin