onsdag, november 30, 2005





Juletre, julenisser, fantabrus og kvitost

1.søndag i advent var det julemesse i sjømannskyrkja i Bangkok. Me tre jentene reiste avgarde (Arne kvilte febersjuk heime), og programmet var tett: Fyrst gudsteneste, så opning av ny leikeplass i hagen, før julemessa var høgtideleg snorklippa i gong av den svenske ambassadøren. Så mykje fin handlaga julepynt, og så masse kjent og kjær julemat (dog kanskje mest for svenskane...) Julestemninga oste rundt oss, trass i 35 varmegrader og myggbitt. Signe fekk kjøpa fantabrus på boks og var kjempefornøgd, eg åt smørbrød med skikkeleg kvitost og Jenny tok fatt i alt ho kunne kome over. Det var ganske mykje...
Då me stabla oss inn i bilen att hadde me fått med oss 3 små juletre, ein heil familie julebukkar (pappa-bukk, mamma-bukk, signe-bukk og jenny-bukk) og ein pose svensk klissesnop. Julenissane fekk ikkje vera med... Det er definitivt snart jul!

7 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Velkommen i "bloggens verden"! Gleder oss til å følge med.

ane marie sa...

Sawatdii!
Så gøy at dere har fått blogg! Da kan jeg jo følge med på det som skjer der nede - savner Thailand og dere (!!) rett som det er! Det var tider gitt...
Godt å høre at dere trives så bra! Og Signe som blir så stor - og så kjekt for henne med en lillesøster:)
Jeg har akkurat fått meg blog selv - greit at jeg legger dere til på linker??
Masse adventshilsner fra Ane Marie:)

ane marie sa...

Glemte blogadressa mi..! http://amasin82.blogspot.com/

Maria og Espen Tveten sa...

Velkommen til Phibun. Vi gleder oss.
Espen

Maria og Espen Tveten sa...

Velkommen til Phibun. Vi gleder oss.
Espen

Anonym sa...

Heisann alle saman!

No har Irene vist oss denne kjekke sida dykkar.. Det var kjekt å lesa om korleis de har det no når førjulstida har byrja. Og no kjem me til å fylgja med dykk.. :) De er alle fire i våre tankar og bøner, og me ynskjer dykk ei god og fredfull julehøgtid!

Stor juleklem frå onkel Reidar og Marianne.

Anonym sa...

Heisann alle saman!

No har Irene vist oss denne kjekke sida dykkar.. Det var kjekt å lesa om korleis de har det no når førjulstida har byrja. Og no kjem me til å fylgja med dykk.. :) De er alle fire i våre tankar og bøner, og me ynskjer dykk ei god og fredfull julehøgtid!

Stor juleklem frå onkel Reidar og Marianne.